Grillfest i sentrum

Velkommen til grillfest i sentrum onsdag 12. august 14:30-17:00. Takka vere støtte frå Luster Sparebank kan vi invitere til ein ettermiddag med mat, aktivitetar og hyggeleg lag. 

Arrangementet er ei anledning til å ønskje nye studentar velkomne til bygda, og samstundes seie velkomen attende til alle innbyggjarane som er tilbake etter sommarferien. Det blir stands frå lokale aktørar, aktivitetar og god anledning til å treffe både kjende og nye fjes.

Grillfest i sentrum

Under arrangementet vil HVL sin Living Lab, Sogn Næring og Sogndal kommune òg vere til stades for å høyre kva de tenkjer om utviklinga av sentrum. I samband med arbeidet for eit meir trafikksikkert og attraktivt sentrum skal Ølneshuset rivast. Dette er ein del av den framtidige utviklinga av Fjørevegen som miljøgate for gåande og syklande. Når bygget forsvinn, opnar det seg òg nye moglegheiter for eit større byrom i hjartet av Sogndal.

Målet med arrangementet er først og fremst å skape ein møteplass der folk kan møtast på tvers av alder, bakgrunn og tilknyting til bygda. Samstundes håpar vi å få innspel som kan bidra til å forme eit meir levande, inkluderande og inviterande sentrum.

For å skape gode løysingar treng vi å høyre frå dei som brukar sentrum kvar dag. Difor håpar vi mange tek turen innom for ein matbit, ein prat og kanskje nokre innspel til framtidas Sogndal. Me sjåast!

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?