
Mikroplastfragment frå ulike kjelder, og detonasjonssnorer frå tunnelarbeid funne i eit fuglereservat
Undersøking av marin forsøpling
Frå august til oktober 2026 gjennomfører studentar eit eksamensprosjekt om marin forsøpling og mikroplast på Eide badeplass og Ylvisåker badeplass ved Sogndal.
Nokre avgrensa område er merka som prøvestasjonar og må få liggje urørte mellom registreringane. Områda kan sjølvsagt nyttast som normalt, men vi ber om at søppel som blir funne her ikkje blir fjerna før siste registrering er gjennomført.
Marin forsøpling og mikroplast er eit problem i Sognefjorden. For å få betre kunnskap om kor mykje søppel som hopar seg opp, og kva slags plast det dreier seg om, gjennomfører studentar frå HVL i haust eit feltprosjekt i samarbeid med Sogn Friluftsråd og Høgskulen på Vestlandet.
På Eide og Ylvisåker badeplass er det sett opp avgrensa prøvestasjonar, om lag 100 × 10 meter store og tydeleg merka i terrenget. Her blir alt synleg søppel samla inn, sortert og registrert tre gonger i løpet av hausten – i august, september og oktober
Kontaktpersonar:
Sogn friluftsråd
Christian Johansson
+4747889659

Dei raude linjene syner dei merka prøvestasjonane ved Ylvisåker

Dei raude linjene syner dei merka prøvestasjonane ved Eide badeplass.
Sist oppdatert
