Kong Harald V 1937-2026
Me har motteke bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald har gått bort.
Tankane våre går til den kongelege familien og heile det norske folk.
- Me kjenner alle på stor sorg i dag. Kong Harald vil bli minna som ein samlande og respektert konge, seier ordførar Stig Ove Ølmheim.
Kondolanseprotokoll
Det er elektronisk kondolanseprotokoll på kongehuset.no Lenke til et annet nettsted.
Det er lagt ut kondolanseprotokoll fleire stader i Sogndal kommune:
- Balestrand: Helsetunet og Holmatunet ved biblioteket
- Leikanger: Sjukeheimen og Saften ved biblioteket
- Sogndal: Kulturhuset, SHOS og kommunehuset
- Kaupanger: Kaupanger skule
- Fjærland: Busenteret
Kondolanseprotokollane vil vera tilgjengeleg i dei vanlege opningstidene til bygga.
Blomar og helsingar
Dei som ynskjer å leggja ned blomar og andre helsingar, kan gjera det framfor kommunehuset i Sogndal, framfor Saften på Leikanger og ved flaggstanga på Balasletta i Balestrand.
Sogndal kommune vil flagga på halv stang ved kommunale bygg.
Opne kyrkjer
Kyrkjeklokkene over heile landet vil ringja fredag klokka 12-13.
Fleire av kyrkjene i kommunen held ope for alle som ønskjer det.
Stedje kyrkje:
- Laurdag 29. august: Frå kl. 13.00 - kl. 18.00
- Frå måndag 31. august og påfølgjande dagar: Frå kl. 15.00 - kl. 17.00
Leikanger kyrkje: Open kvar dag
St. Olafs kyrkje: Open kvar dag
I kyrkjene kan du sitje i stillheit, be, tenna lys og skrive ei helsing i kondolanseprotokollen. Den offisielle kondolanseprotokollen vil vere i Stedje kyrkje.
Oppdatert informasjon frå kyrkja finn du på nettsida Sogndal kyrkjelege fellesråd Lenke til et annet nettsted.

Hans Majestet Kong Harald. (Foto: Det Kongelege Hoff)
Sist oppdatert
