Tillit er beredskap
Velkomen til markering av Verdsdagen for psykisk helse.
Kven stolar du på når livet blir vanskeleg? Og kva skjer når tilliten til andre, eller til deg sjølv, blir utfordra?
I haust inviterer vi til markering av Verdsdagen for psykisk helse. Gjennom dans, personlege historier og refleksjon set vi søkjelyset på årets tema: «Tillit er beredskap. Kvar handling tel.»

Vi lever i ei tid prega av uro, konflikt og raske endringar. Då blir tillit viktig. Vi treng tillit til samfunnet rundt oss, til menneska vi møter og til fellesskapa vi er ein del av.
Men tillit handlar også om det nære. Om relasjonane våre, familien, venene, skulen og arbeidsplassen. Det handlar også om tilliten til oss sjølve. Om trua på at vi kan handtere det som møter oss, og at vi kan be om hjelp når vi treng det.
Tillit kan ikkje takast for gitt. Ho må skapast av oss alle. Gjennom måten vi møter kvarandre på, korleis vi lyttar, korleis vi gir rom for ulikskap og om vi stiller opp når nokon treng oss. Slik kan tillit bli ei form for beredskap når livet blir vanskeleg.
Markeringa av verdsdagen for psykisk helse
Kvelden startar med danseprosjektet «Livets rørsle», der elevar frå vidaregåande skule bruker dans og rørsle til å uttrykkje kjensler og erfaringar.
Ungdomstida kan romme både press, usikkerheit og store kjensler som ikkje alltid er lette å setje ord på. Gjennom dansen utforskar ungdommane ein annan måte å uttrykkje seg på saman med andre. Prosjektet handlar om kjensler, men også om fellesskap, tilhøyrsle og det å våge å vise noko av seg sjølv.
Kveldens hovudinnlegg er føredraget «Motstand = Styrke» med Adil Khan.
Gjennom si eiga historie fortel Khan ope om mellom anna mobbing, rasisme, utanforskap, angst og depresjon. Han deler erfaringar frå motgang og mørke periodar, men også om vegen mot større sjølvinnsikt, meistring og motstandskraft.
Kva gjer at vi klarer å reise oss når livet blir vanskeleg? Kva betyr menneska rundt oss? Og korleis kan vi byggje opp att tilliten til oss sjølve når ho har fått seg ein knekk?
Denne kvelden inviterer vi til å stoppe opp ved nettopp desse spørsmåla.
For tillit er ikkje berre noko vi får frå andre. Det er noko vi alle er med på å skape.
Tillit er beredskap. Kvar handling tel.
Sist oppdatert
Praktisk informasjon
Dato: 1.oktober
Tid: 18.00
Stad: Sogndal Kulturhus
Pris: Gratis
Billettar: Arrangementet er ope for alle, men det er avgrensa tal plassar. Gratisbillett må hentast ut på førehand.
Billettlenkje: eBillett finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Du kan og skanne QR-koden på biletet nedanfor for å hente billett.
.png)
