Fem kommunar går saman om nytt fagmiljø for kart og GIS
Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal etablerer frå 1. januar 2027 eit felles vertskommunesamarbeid for kart, oppmåling og GIS. No søkjer me ein fagansvarleg som skal vere med å byggje opp og utvikle det nye fagmiljøet.

Det nye samarbeidet skal samle kompetanse og ressursar innan kart, GIS og geodata på tvers av kommunegrensene. Målet er å styrkje fagmiljøet, utvikle felles løysingar og sikre meir likeverdige tenester for innbyggjarane i dei fem kommunane.
Den nye fagansvarlege får ei sentral rolle i etableringa av samarbeidet. Stillinga skal koordinere arbeidet innan kart og GIS, bidra til felles praksis og arbeidsmåtar, og vere ein fagleg ressurs for medarbeidarane i samarbeidet.
Ei sentral rolle i eit nytt fagmiljø
Som fagansvarleg får du vere med å byggje opp og utvikle det nye interkommunale samarbeidet innan kart, GIS og geodata. Du får ansvar for koordinering, fagutvikling og vidareutvikling av felles GIS- og kartløysingar på tvers av dei fem kommunane.
Me ser etter deg som har kompetanse innan GIS, geodata eller geomatikk, kombinert med god systemforståing og evne til å samarbeide på tvers av fagmiljø og kommunegrenser.
Arbeidsgjevar er Luster kommune, medan arbeidsstaden kan vere i Luster, Lærdal, Sogndal, Vik eller Årdal.
Les meir om stillinga og søk her:
https://luster.easycruit.com/vacancy/3658315/223057?iso=nn
Søknadsfrist: 20.sept
Les meir om stillinga og søk her:
https://luster.easycruit.com/vacancy/3658315/223057?iso=nn Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
Kontaktpersonar for stillinga:
Knut Vidar Svanheld
mob: +47 418 58 780
E-post:
knut.vidar.svanheld@luster.kommune.no
Ole Gunnar Krakhellen
mob: +47 926 48 081
E-post: ole.gunnar.krakhellen@luster.kommune.no
