Sogndal kommune inviterer til utstilling på Tinghus 1 på Leikanger
Etter fleire års ombygging har me no endeleg teke i bruk Saften på Leikanger, og me jobbar no med å få på plass eit eller fleire nye kunstverk i bygget. Dette arbeidet vil ta eit års tid.
Men fyrst vil me invitera til ei spesiell kunstutstilling med opning 14. november kl. 12:00-16:00 på Tinghus 1!

Rundt om i heile kommunen finst det allereie mykje flott kunst – i kommunehus, på skular og aldersheimar. Men når eit bygg stengjer, kvar blir det av kunsten då? Denne kunsten er det få av oss som får sett, eller som me ikkje har sett på mange år, og det vil me gjera noko med. Me har samla kunst hovudsakleg frå Tinghus 1 på Leikanger og det tidlegare rådhuset i Balestrand, bygg som ikkje lenger er i bruk. Noko av dette skal få ei ny plassering på Saften, men fyrst vil me visa det fram og høyra kva de alle tykkjer.
Kunst er noko personleg. Det finst ingen fasit for kva som er rett og riktig kunst, og kunsten vert aldri umoderne! Difor har me laga ei utstilling der me har sett saman verk frå ulike tider og ulike stader i dei ærverdige lokala til Tinghuset. Dette er kunst som ventar på å bli sett og finna sin nye plass, så medan me ventar på den nye kunsten på Saften, skal me gje plass og merksemd til all den kunsten me allereie har. Kunsten som ventar.
Vernissage på utstillingar blir følgjande:
- Laurdag 14. november kl. 12:00-16:00 (Opning)
- Søndag 15. november 10:00 – 14:00
- Tysdag 17. november 10:00 – 14:00
- Onsdag 18. november 10:00 – 14:00
- Laurdag 21. november 10:00 – 14:00
- Søndag 22. november 10:00 – 14:00
Sist oppdatert
