VA Trudvang og omkringliggande område
Kva skjer?
I samband med bygging av ny skule på Trudvang vert VA-systemet i gatene rundt skulen fornya. Ein har sett det som nødvendig å ta dette i samband med skuleutbygginga, slik at når skulen står ferdig vil også gatene rundt vere ferdig oppgraderte.
Det er gamle røyr som treng oppgradering, ikkje berre for skulen sin del. Det er allereie gjort eit viktig grep med å skifte ein svært dårleg vasskum på hovudvassrøyret utanfor SHOS (Sogndal helse- og omsorgssenter). I prosjektet skal ein òg leggje fram ekstra vassforsyning for å auke leveransesikkerheita til SHOS.
Tidsrom
Arbeidet vil føregå i følgjande rekkefølgje: Plassen, Skulevegen og Leighgota. Om forholda tillet det, vil entreprenøren jobbe gjennom heile vinteren. Det er eit mål at gatene nærmast del 1 av Trudvang skal vere klare til skulen vert teken i bruk. Det er mogleg at øvre del av Leighgota ventar til bygginga av del 2 er i gang.
Trafikkavvikling og tryggleik
For ungane si tryggleik ber vi nok ein gong om at foreldre ikkje køyrer inn mellom SHOS og skulen. Bilar skal parkerast ved Sogningen eller ved skysstasjonen. Derfrå må elevane gå det siste stykket til og frå skulen.
Entreprenøren skal syte for forsvarleg arbeidsvarsling, og det er viktig at alle trafikantar rettar seg etter skiltinga. Når det vert gravearbeid i Skulevegen, vert denne stengd for gjennomgang. Då er det ønskjeleg at gang- og sykkelvegen langs Gravensteinsgata vert nytta. Følg skilting.

Gåande og syklande må følgje dette skiltet forbi anleggsområdet.
Skulen og entreprenøren samarbeider tett for å sikre trygge skulevegar og gode løysingar for elevar og andre som ferdast i området. Det vert gjennomført risikovurderingar og sett opp nødvendige sikringstiltak rundt anleggsområdet.
Meld frå om uønskte hendingar
Dersom du opplever farlege situasjonar eller andre uønskte hendingar knytte til anleggsarbeidet, oppmodar vi deg til å melde frå til kommunen. Tilbakemeldingar frå innbyggjarane er viktige for at vi skal kunne følgje opp og gjere nødvendige tiltak raskt.
Har du spørsmål om skuledrifta i byggeperioden, kan du ta kontakt med kommunen gjennom eDialog Lenke til et annet nettsted. eller gjennom QR-kodar på byggeplassen kring Trudvang.
Meld avvik her: https://app.vbit.com/a/p/439052 Lenke til et annet nettsted.
På førehand takk for godt samarbeid!
Sist oppdatert
%20Inforkart%20VA%20Trudvang.jpg)
Infokart VA kring Trudvang.
