Stenging av Skulevegen

Oversiktsbilete av Skulevegen, gåande og syklande må nytte Gravensteinsgata/Plassen eller Prestadalen

Informasjon til gåande og syklande

 I samband med arbeidet på og rundt Trudvang skule i Sogndal sentrum har prosjektleiinga og vegavdelinga kome fram til at det er best å stenge Skulevegen for gjennomgang. Arbeidet krev mykje plass, og sikkerheita til forbipasserande må ivaretakast på ein god måte. Inngjerdinga til byggeplassen vert trekt ut for at grøftearbeidet og transporten i størst mogleg grad skal føregå på lukka område.

Skilting går forholdvis fort, men det tek tid å innarbeide nytt trafikkmønster for både gåande og køyrande. Difor er det ønskjeleg at når ein etablerer midlertidige løysingar, skal desse gjelde lengst mogleg. Det betyr at det er eit mål å halde stengt heilt til Skulevegen er reetablert med ny VA grøft, nytt fortau og ny asfalt.

Skulevegen vil bli fysisk sperra i vestre ende denne veka. Sjølv om grøfta flyttar seg opp på vestsida av skulen vil ein framleis halde stengt. Om vinteren tillet det, skal grøfta på nyåret fortsette austover i Skulevegen. Gjennomgang vil då ikkje vere mogleg uansett.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?