Stenging av Skulevegen ved Trudvang skule

Informasjon til gåande og syklande
I samband med arbeidet på og rundt Trudvang skule i Sogndal sentrum har prosjektleiinga og vegavdelinga kome fram til at det er best å stenge Skulevegen for gjennomgang. Arbeidet krev mykje plass, og sikkerheita til forbipasserande må ivaretakast på ein god måte. Inngjerdinga til byggeplassen vert trekt ut for at grøftearbeidet og transporten i størst mogleg grad skal føregå på lukka område.
Skilting går forholdvis fort, men det tek tid å innarbeide nytt trafikkmønster for både gåande og køyrande. Difor er det ønskjeleg at når ein etablerer midlertidige løysingar, skal desse gjelde lengst mogleg. Det betyr at det er eit mål å halde stengt heilt til Skulevegen er reetablert med ny VA grøft, nytt fortau og ny asfalt.
Skulevegen vil bli fysisk sperra i vestre ende denne veka (veke 46). Sjølv om grøfta flyttar seg opp på vestsida av skulen vil ein framleis halde stengt. Om vinteren tillet det, skal grøfta på nyåret fortsette austover i Skulevegen. Gjennomgang vil då ikkje vere mogleg uansett.
Sist oppdatert
Me minner om at for ungane si tryggleik ber vi nok ein gong om at foreldre ikkje køyrer inn mellom SHOS og skulen. Bilar skal parkerast ved Sogningen eller ved skysstasjonen. Derfrå må elevane gå det siste stykket til og frå skulen.
