Informasjon om fjellreinsk etter skredhending på veg til Skjersnes KV9900
Torsdag 12.11.2026 vil det føregå reinsking av fjellsida etter den 2 skredhendinga som skjedde fredag 6/11 på den kommunale vegen til Skjer.
Vegen har vore stengd sidan den første skredhendinga som skjedde 31.10.2026.

Tidsrom for reinskinga er torsdag 12.11.2026 frå kl 0900 til 1600.
Ved reinskinga vil det vera svært farleg å ta seg inn i området då dei som utfører reinskinga truleg vil ta ned fleire steinblokker som vil treffe den kommunale vegen.
Mesta som skal utføra fjellreinsk vil ha ein dirigent på kvar side av rasområdet for å sikra at ingen tek seg ulovleg forbi sperringane.
Næringsdrivande på Skjer er informert om arbeidet som skal føregå.

Sist oppdatert
Fann du det du var på jakt etter?
