Fysisk aktivitet

Illustrasjon: Ingunn Cecilie Jensen www.jensendesign.no

Frisklivssentralen gjennomfører individuelle helsesamtalar for å hjelpe deg til å finne motivasjon til dei små endringane i kvardagen. 

Me gjennomfører kartleggingssamtalar, kor du skal utarbeide mål og ein plan for fysisk aktivitet. Ta kontakt om du er interessert.

Teningstilbod

Me er opptekne av at nivået på treninga skal vere tilpassa din form og samtidig vere utfordrande nok til å gi god effekt. Trening føregår i grupper, både utandørs, innandørs og i basseng. Det går også an å få oppfølging i eigentrening.

 

Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Timeplan

Info om treningstilbod

Bassengtrening: Variert program i vatn der du skånsamt får trena kondisjon og styrke. Treninga er open for alle.

  • Luster: Onsdag kl.13.30-14.30 i Lustrabadet.
  • Sogndal: Ingen trening i Sogndal grunna ombygging av symjehall.
  • Høyanger: Torsdag kl.16.00-17.00 i Høyangerbadet

SmartStart: Treningstime med fokus på styrke, kondisjon og balanse. Treninga er for alle og kan tilpassast den enkelte. SmartStart er i samarbeid med studentar ved HVL og er ein del av deira læringsaktivitet. Instruktør frå Frisklivssentralen er ansvarleg for innhaldet i timen. Timen er open for alle, og det er ingen påmelding. Treninga er i Campushallen, med visse unntak (oppslag på dør viss timen er flytta).

Utetrening: Bli med på kondisjon- og styrketrening utandørs! Treninga kan tilpassast alle nivå. Open for alle, gratis.

  • Tysdag og torsdag kl.10.00. Oppmøte utanfor hovudinngangen ved Sogndal Helse - og omsorgssenter.

Yoga: Torsdag kl.07.30. Roleg yoga med fokus på pust, bevegelse og avspenning. Passar for alle, og særleg for deg som ønskjer mindre stress, meir ro og ein mjukare kropp.

Basistrening:

  • Måndag: 2.etasje på SHOS, kl.16-17. Sirkeltrening med øvingar kor ein brukar både treningsutstyr og eiga kroppsvekt. Treninga passar for alle, og øvingane kan tilpassast eige nivå.
  • Tysdag: Sogndal Idrettshall kl.18-19. Treningstime med fokus på styrke og kondisjon. Treninga passar for alle, timen nyttar lite utstyr og øvingane kan tilpassast eige nivå.

Prisar:

Bassengtrening Lustrabadet: Sjå prisar for inngang på heimesida til Lustrabadet Lenke til et annet nettsted.

Bassengtrening Høyangerbadet: 50 kr.

SmartStart: 1000 kr per semester (januar-juni og august-desember) eller drop-in: 50 kr,

Utetrening: Gratis.

VIPPS - 129797 Frisklivssentralen

*Klyppekort: eigenandel på 50kr/gongen på enkelte treningstilbod.

Samarbeidspartnar

Me ynskjer tilby eit variert og godt aktivitetstilbod for våre deltakarar. Slik at alle kan finne eit tilbod dei trivst med. Om du driv eit aktivitetstilbod i Luster eller Sogndal kommune, og ynskjer eit samarbeid med oss, vil me gjerne komme i dialog med deg! Ta kontakt.

Sist oppdatert

Kontakt

Ta kontakt med Frisklivssentralen Sogn for meir informasjon og for å komme i gang med din Frisklivsresept.

95 89 36 41
95 30 38 97
40 43 48 16
frisklivssentralen@sogndal.kommune.no

Sogndal: 
Måndag – fredag: 08:00 – 15:15
Besøksadresse: Plassen 2 (Sogndal helse- og omsorgssenter, 2.etasje).

Leikanger
Måndagar/fredagar og torsdagar: 08.30-14.30
Besøksadresse: Ohnstadhaugen 17

Luster: 
Måndag, onsdag og fredag: 08:30 – 15:00
Besøksadresse: Øyagata 16
(Friskhuset, 2.etasje)

Fann du det du var på jakt etter?