Sterkare psykisk helse

Blomst
Alle har me ei psykisk helse, og denne er det viktig å ta vare på. Nokre gonger i løpet av livet kan me trenge hjelp til å få det betre og til å styrke den psykiske helsa vår. For å lesa meir om psykisk helse kan du oppsøka nettsida til HelseNorge Lenke til et annet nettsted..
Tilbod:
Frisklivssentralen Sogn arrangerar kurs i Hverdagsglede.
- Kurset er basert på forsking som syner at kva vi gjer er av stor viktigheit for korleis me trivst i kvardagen.
- Det finst fem viktige grep alle kan gjere for å fremje eigen psykisk helse, livskvalitet og førebygge psykisk sjukdom.
- Gjennom kurset får ein råd, inspirasjon og hjelp til å øve på teknikkar som styrker dei fem grepa, og som vil gi deg ein betre kvardag og høgare livskvalitet.
- Kurset går over seks kursdagar, og kvar vekentlege økt varar i 2-2,5 t.
- Etter kvar økt får du ei øvingsoppgåve til neste gong.
Sjå denne fine videoen om dei fem grepa, og få ein smakebit på kva du vil lære meir om på kurset: Video om dei fem grepa for auka kvardagsglede Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Nye kurs vert satt opp kontinuerleg. Følg lenke for å melde interesse: Påmelding til kurs i "Hverdagsglede". Lenke til et annet nettsted.
Andre tilbod
Dersom dette ikkje er noko for deg kan me også hjelpe deg vidare om du ynskjer kontakt med psykisk helseteam, eller rask psykisk helsehjelp i din kommune. Hjå "Rask psykisk helsehjelp" kan du få tidleg behandling og hjelp for å førebygga sjukdomsutvikling slik at problema ikkje utviklar seg. Me på Frisklivssentralen Sogn samarbeidar med psykisk helseteam og rask psykisk helseteneste i begge kommunane og kan hjelpe deg å komme i kontakt. Du kan også ta kontakt sjølv:
Luster, psykisk hele og rus Lenke til et annet nettsted.
Sogndal, rask psykisk helsehjelp
Sist oppdatert
Kontakt
Kontakt helserådgjevar sjølv eller gjennom helsepersonell/NAV:
Tlf:
95893641
95303897
40434816
E-post: frisklivssentralen@sogndal.kommune.no
Sogndal:
Måndag – fredag: 08:00 – 15:15
Besøksadresse: Plassen 2 (Sogndal helse- og omsorgssenter, 2.etasje).
Luster:
Måndag, onsdag og fredag: 08:30 – 15:00
Besøksadresse: Øyagata 16
(Friskhuset, 2.etasje)
