Betre kosthald

Kosthald er ein av dei viktigaste faktorane som påverkar helsa vår. Sunn og variert mat er viktig for god helse og trivsel, og reduserer også risikoen for utvikling av livsstilssjukdommar.

Rettleiar for mat og måltid i Luster kommune sine barnehagar pdf, 113 MB.

Ynskjer du støtte på vegen til å gjera endringar i kosthaldet ditt?

Hjå Frisklivssentralen Sogn kan du få individuell rettleiing og oppfølging over 12 veker.
​Saman med deg legg med ein plan for korleis du kan ta vare på gode vanar og gjere dei endringane som må til for at du kan få eit betre kosthald. Små steg kan gi store forandringar over tid!

I rettleiing og undervisning tek med utgangspunkt i gjeldande kosthaldsanbefalingar frå Helsedirektoratet.

Vil du vite meir om kosthald og få inspirasjon kan du sjå Helse Norge sine nettsider om kosthald og ernæring Lenke til et annet nettsted.

Bra mat-kurs!

Eit inspirerande kurs som hjelper deg å bli meir medviten om eigne matval og vanar.
Kurset passar for deg som ønskjer å gjere endringar i kosthaldet og få betre struktur i kvardagen.

Du får kunnskap om måltidssamansetjing, måltidsrytme, matvaregrupper og korleis lese varedeklarasjonar, samt praktiske råd og verktøy for eit sunnare kosthald.

Målet er at du etter kurset skal kjenne deg tryggare på å ta gode matval tilpassa din livsstil og mål.

Kurset går over seks (sju) samlingar, med praktisk matlaging på ei av samlingane.

Priser

 

 

2026Pris
1. konsultasjon - barn240
1. konsultasjon - vaksen240
1. konsultasjon familie med 1 eller fleire barn580
2. konsultasjon/revaksinering100
Reseptar110
Svangerskapskurs per person100
Innsetting spiral for dei over 20 år*190
Innsetting/uttak av p-stav for dei over 20 år*110
Vaksinarsjølvkost
Avbestillingsgebyr (mindre enn 24 t før)220

 

Sist oppdatert

Kontakt

Ta kontakt med Frisklivssentralen Sogn for meir informasjon og for å komme i gang med din Frisklivsresept

95 89 36 41
95 30 38 97
frisklivssentralen@sogndal.kommune.no

Sogndal: 
Måndag – fredag: 08:00 – 15:15
Besøksadresse: Plassen 2 (Sogndal helse- og omsorgssenter, 2.etasje).

Leikanger
Måndagar/fredagar og torsdagar: 08.30-14.30
Besøksadresse: Ohnstadhaugen 17

Luster: 
Måndag, onsdag og fredag: 08:30 – 15:00
Besøksadresse: Øyagata 16
(Friskhuset, 2.etasje)

Illustrasjon: Ingunn Cecilie Jensen www.jensendesign.no

Fann du det du var på jakt etter?