Demens - pårørande
Er du pårørande eller nær ven til ein person med demenssjukdom?
Hukommelsesteama i Sogndal og Luster kommune invitera årleg til kurs for pårørande til personar med minnesvikt/demenssjukdom. Kurset arrangerast i samarbeid med Frisklivssentralen Sogn og Indre Sogn demensforening og er gratis.
Kurset er eit tilbod til deg som har eit familiemedlem, ein ven eller kjenning med demenssjukdom. Minnesvikt og endra veremåte er vanlege symptom ved demenssjukdommar. Gjennom førelesingar, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demenssjukdommar, og kva følgjer sjukdommen kan ha for personen med demens og for deg som pårørande. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.
Kursinnhald
- Pårørandeforteljing
- Fysisk aktivitet og demens
- Kommunikasjon med personar som har demens
- Hjelpemiddel, tilrettelegging i heimen og velferdsteknologi
- Tilbod i kommunen i regi av offentlege og frivillige organisasjonar
- Korleis ivareta eiga psykisk helse som pårørande
- Sjukdomslære - fastlegen si rolle
- Erfaringsutveksling
Praktisk informasjon om kurset
Kurset går over 5 samlingar, og kvar samling varar ca. 2,5 time. Samlingane inneheld dagens tema, matpause og samtale med utgangspunkt i dagens tema eller om demens generelt.
Ved spørsmål kan du ringe
40410786 (Hukommelseteamet Sogndal/Balestrand)
48954941 (Hukommelseteamet Leikanger)
97508678 (Hukommelseteamet Luster)
Gode nettsider
Pårørande demens- aldring og helse Lenke til et annet nettsted.
Pårørandesenteret Lenke til et annet nettsted.
Ungepårørande (7-18år) Lenke til et annet nettsted.
Å vere pårørande til person med demens Lenke til et annet nettsted. (HelseNorge)
Råd frå fagfolk- demenslinja Lenke til et annet nettsted. (Nasjonalforeningen for folkehelse)
Generelt om rettigheitar til pårørande Lenke til et annet nettsted. (HelseNorge)
Demensplan 2025- handlingsplan frå regjeringa Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
Kontakt
Kontakt helserådgjevar sjølv eller gjennom helsepersonell/NAV.
Tlf:
95893641
95303897
40434816
E-post: frisklivssentralen@sogndal.kommune.no
Sogndal:
Måndag – fredag: 08:00 – 15:15
Besøksadresse: Plassen 2 (Sogndal helse- og omsorgssenter, 2.etasje).
Leikanger
Måndagar/fredagar og torsdagar: 08.30-14.30
Besøksadresse: Ohnstadhaugen 17
Luster:
Måndag, onsdag og fredag: 08:30 – 15:00
Besøksadresse: Øyagata 16
(Friskhuset, 2.etasje)

Hender - omsorg
