Årsbudsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028

Medlemmene i formannskapet sit rundt eit møtebord.

Frå møtet i formannskapet på Leikanger barneskule. (Foto: Mariann Skau)

Formannskapet behandla framlegg til årsbudsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028 i møte 5. desember 2024.

I samsvar med kommunelova § 14-3, fjerde ledd, vert innstillinga til kommunestyret lagt ut til offentleg ettersyn. Kommunestyret behandlar saka i sitt budsjettmøte 19. desember 2024.

Uttale som kjem innan 18. desember 2024 klokka 12 vert sendt til kommunestyret sine medlemmar før kommunestyremøtet. 

Uttale til budsjettet kan sendast på e-post til postmottak@sogndal.kommune.no

Formannskapet si handsaming og tilråding til kommunestyret pdf, 75 kB.

Dokumenta i saka finn du i møteportalen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Tilrådinga til formannskapet frå møtet 5. desember 2024 er ikkje innarbeida i budsjettdokumenta i møteportalen. Budsjett og økonomiplan vert oppdatert etter endeleg handsaming i kommunestyret 19.desember 2024.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?