Søknadsfrist for kulturskulen
Måndag 18. mai er søknadsfrist og utmeldingsfrist. Me kan tilby friplassar ved behov.

Me håper å sjå deg i kulturskulen til hausten! (Foto: Sogn kulturskule)
Har du lyst til å spela eit instrument, synga i kor eller halda på med kunst? Kulturskulen har eit breitt tilbod for deg som vil driva med kultur. Hos oss møter du flinke og inspirerande lærarar og andre du kan dela interessene dine med.
Finn det som passar for deg
På nettsida til Sogn kulturskule finn du oversikt over kva du kan søkja på. Er det eit tilbod du saknar? Tips oss gjerne på e-post roar.sandnes@sogndal.kommune.no Åpnes i nytt vindu..
Har du lyst til å få nye venner gjennom kulturskulen, kan kanskje tweens-koret Lenke til et annet nettsted., bildekunst Lenke til et annet nettsted. eller teater Lenke til et annet nettsted. vera aktuelt for deg?
Tilbod om friplassar
Sogn kulturskule skal vera for alle, og me kan tilby gratis plass for dei som har låg inntekt. Ynskjer du å søkja om slik friplass, må du først søka, og få tildelt, plass ved kulturskulen på vanleg måte. Meir informasjon om friplassar finn du på nettsida til kulturskulen Lenke til et annet nettsted..
Søknad og utmelding
Både søknad og utmelding i kulturskulen skjer på nett.
Føresette som har inne elev med plass dette semesteret, eller som har nokon på ventelista kan
- melde ut eller inn ein elev på eitt eller fleire tilbod
- registrere søknad for fleire i familien
Sjølv om søknadsfristen er 18. mai, er det mogeleg å søkja plass heile året. Men dei som søkjer innan fristen, vil bli prioritert føre dei som søkjer seinare.
Velkommen til oss i Sogn kulturskule!
Sist oppdatert
