Finn ut kven du kan hjelpa – og kven du kan få hjelp av

Beredskapslagar med mat og ein person.

Skaff deg ein beredskapsvenn: (Foto: Sigve Aspelund, DSB)

Samarbeid og fellesskap er viktig i kriser. Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de kan klara dykk saman. Oppdater ditt eigenberedskapslager med ein beredskapsvenn.

I veke 44 vert Eigenberedskapsveka 2025 arrangert. Målet er å auka folk si medvit og kunnskap om eigenberedskap slik at fleire gjer førebuingar. Det vil gjera både deg og lokalsamfunnet betre rusta til å handtera kriser og hendingar som måtte oppstå. Til dømes langvarige straumbrot, som fleire nyleg opplevde under ekstremvêret Amy.

Alle treng likevel ikkje gjera alt aleine. Det kan vera lurt å samarbeida med vener, familie eller naboar om eigenberedskap.

Dette kan beredskapsvener hjelpa kvarandre med:

• førstehjelp ved skadar
• omsorg og støtte
• opphald og overnatting ved evakuering frå eigen bustad
• omsetjing og forklaring av informasjon frå styresmaktene
• praktisk hjelp til bruk av utstyr og reiskap
• innkjøp, bering og transport
• bytte eller byttelån av utstyr og varer
• lån av mobiltelefon som er kopla til eit anna nett enn ditt
• felles matlaging

Fakta om Eigenberedskapsveka 2025

• Ei årleg kampanjeveke med informasjon og aktivitetar om eigenberedskap.
• Målet er å auka kunnskapen og medvitet i befolkninga, slik at fleire gjer konkrete førebuingar for å klara seg sjølve i éi veke.
• Veka er sett i gang av DSB, men kommunar, sivilforsvarsdistrikt og frivillige organisasjonar over heile landet er med.
• Årets tema er felles eigenberedskap – beredskapsvenn.
• På dsb.no/egenberedska Lenke til et annet nettsted.p finn du mange gode tips om korleis du kan styrka eigenberedskapen din.

Meir om eigenberedskap på nettsida til Sogndal kommune

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?