Vaksinering hausten 2026

Blad med haustfargar og dropar

Foto: Mariann Skau

Sogndal kommune tilbyr i haust vaksine etter vaksenvaksinasjonsprogrammet. Sjå tidspunkt.

Vaksenvaksinasjonsprogrammet er eit tilbod til befolkninga om vaksine mot korona og influensa til alle som er 65 år og eldre, samt barn og vaksne i risikogrupper.

I tillegg får 65-åringar tilbod om vaksine mot pneumokokksjukdom.

Tilrådinga frå FHI om oppfriskningsdose for korona gjeld dei som er 75 år og eldre samt barn og vaksne i risikogrupper, men alle mellom 65-74 år kan likevel få vaksine gjennom vaksinasjonsprogrammet hvis dei sjølv ynskjer det.

Vaksinasjonsstader og tidspunkt:

Sogndal, Quality hotel: Onsdag 25. november klokka 09.00 - 19.00

Alfabetisk inndeling etternamn:

  • A-I: klokka 09.00 - 12.00
  • J-Q: klokka 13.00 - 15.30
  • R-Å: klokka 16.30 - 19.00

Leikanger sjukeheim: Tysdag 17. november og onsdag 18. november klokka 09.00 – 15.00

Balestrand helsesenter: Onsdag 18. november og torsdag 19. november klokka 09.00 – 14.00

Det er ingen timebestilling desse dagane som er sette opp. Dei som skal ha vaksine, møter berre opp.

Pris:

Eigenandel:

Influensavaksine:  308 kroner

Koronavaksine: 110 kroner

Koronavaksine (samvaksinasjon):  85 kroner

Pneumokokkvaksine: 110 kroner

Pneumokokkvaksine (samvaksinasjon):  85 kroner

  • Vaksineringa er for risikogrupper, og vaksinen er kjøpt inn rimeleg til dei.
  • Andre friske som ynskjer vaksine må gå til apotek eller legekontor.
  • Kommunalt tilsette i risikogrupper som bruker tilbodet betaler som vanleg.
  • Helsepersonell skal så langt som råd få tilbod om influensavaksine på arbeidsplassen i arbeidstida. Leiarane har ansvar for det.
  • Barn som treng vaksiner må kontakte helsestasjonen.

Risikogrupper inkluderte i vaksinasjonsprogram:

Følgjande personar har auka risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensasjukdom, og blir derfor influensavaksine tilrådd:

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Alle frå fylte 65 år 
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine 
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år 

• Barn og vaksne med: 

  • kronisk lungesjukdom med nedsett lungefunksjon, og astma
  • kronisk hjarte-/karsjukdom, med unntak av velregulert høgt blodtrykk
  • diabetes
  • kronisk alvorleg leversjukdom
  • kronisk alvorleg nyresjukdom
  • kronisk alvorleg nevrologisk sjukdom, spesielt personar med nedsett funksjonsnivå, lungekapasitet og/eller hostekraft, til dømes ved multippel sklerose, cerebral parese, Parkinsons sjukdom eller ALS
  • nedsett immunforsvar på grunn av sjukdom og/eller immundempande behandling, ved til dømes organtransplantasjon, kreft, autoimmune sjukdommar 
  • fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare 
  • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege, som personar med medfødde kromosomavvik (til dømes Downs syndrom) og genetiske syndrom.

Influensavaksine – informasjon til befolkningen - FHI Lenke til et annet nettsted.

Folkehelseinstituttet tilrår at følgjande grupper bør vaksinerast med ein oppfriskingsdose før haust-vintersesongen 25/26:

• Personar i omsorgsbustader og sjukeheimar

• Aldersgruppen 75 år og eldre

• Aldersgruppen 18–74 år som inngår i ei risikogruppe  

• Aldersgruppen 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom

• Aldersgruppen 6 månader –11 år med alvorleg grunnsjukdom etter individuell vurdering 

Personer i alderen 65-74 år som ikkje tilhøyrer ei risikogruppe kan få vaksine gjennom vaksenvaksinasjonsprogrammet dersom dei ønskjer det, sjølv om denne gruppa ikkje er inkludert i FHIs tilrådingar. Vidare er barn og unge som blir omfatta av FHIs tilrådingar inkluderte i vaksenvaksinasjonsprogrammet og skal få tilbod om koronavaksine.

Koronavaksine – informasjon til befolkningen - FHI Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?