Då nærmar sommarferien seg med stormskritt, og me seier takk for i år:)
Det har vore eit veldig kjekt år med mange fine aktivitetar og turar på SFO. Mesternes mester og vinter-OL har vore nokre av høgdepunkta:)
Elles har me hatt mange turar på slalåm i Hodlekve med 3.kl, som har vore stor suksess. 
Neste års 1.klasse, kompisgjengen, har vore på besøk hjå oss, og me gledar oss til dei skal begynne her til hausten.

Fuglekassa vår med kamera har vore suksess i år og, det blei reir, egg og fugleungar. Stor stas!
Her er ein videosnutt frå fuglekassa:)
https://youtu.be/Q0iNp7_Eb9U

Signe (lærling) og eg, Vidar, seier foreløpig takk for oss på SFO. Signe skal vidare på skule, og eg skal ha 1års permisjon grunna ny jobb.
Me kjem til å sakne gjengen på SFO:)

God sommar til alle saman, nyt ferien!!:)