Kaupanger SFO har fast base i Gamleskulen i dei same lokala som 1. klasse held til i.
Me er 43 born og 7 vaksne. Opningstidene er frå 07.30-16.30.

 

 

 Ein viktig del av SFO tilbodet er humor, leik og sosial læring gjennom samvær med
andre barn og vaksne på tvers av klassetrinn.

Barna skal vere under tilsyn, i eit trygt miljø der det er lagt tilrette for både fri leik og organiserte aktivitetar. 
SFO tida er ein del av barna si fritid, og dei skal i stor grad sjølv få vere med å bestemme kva dei vil nytte tida til.
Samstundes har me ein årsplan med varierte tema som me fylgjer gjennom skuleåret, og månadsplanar for kvar månad med aktivitetar av forskjellig slag.

SFO har tilgang til alle skulen sine spesialrom, som til dømes gymsal, skulekjøken og sløydsal. 
I tillegg har me skogen som næraste nabo, der skulen blant anna har ein stor gapahuk med bålplass som SFO kan nytte. 
Me ynskjer samstundes å nytte det lokalmiljøet har å by på av moglegheiter, som til dømes idrettsanlegget på Kvernhushaugen,
De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseeum og Vesterland Ferie park, som alle ligg i gå avstand frå skulen.
 

 

  Årsplan for 2020/2021

AWMxJuNPq IgAAAAAElFTkSuQmCC