Kva kan du få på helsetorget?
- rettleiing om aktivitetar
- tenester og tilbod i kommunen samtalar og heimebesøk ved behov
- kartlegging av livssituasjon og støtte til å bruke eigne ressursar
- informasjon og opplæring i helseteknologi og digitale løysingar
- vidareformidling til frivillige, fagpersonar og aktuelle tenester
- alle er velkomne, inkludert pårørande og tilsette
Kvifor helsetorget?
Mange veit ikkje kvar dei skal starte. Helsetorget kan bidra til tidleg støtte og rettleiing før utfordringane blir store, og samarbeid mellom frivillige og kommunale tilbod.
Sjekk ut tenesteguiden vår, din guide til frivilligheit, lågterskel tilbod og vedtaksbaserte tilbod for helsetenester i Sogndal kommune.
Helsetorget - saman finn me vegen vidare

