
Høyring om bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel i hjortejakta
Sogndal kommune sender forslag til lokal forskrift om bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort på høyring. Høyringsperioden er frå 5. oktober til 30. november 2026.
Utval for plan og samfunn tilrådde 2. september 2026 å sende forskrifta på høyring. Kommunestyret gjorde tilsvarande tilråding 1. oktober 2026.
Kva går forslaget ut på?
Viltressurslova forbyr i utgangspunktet bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel under jakt. Regelverket opnar likevel for at kommunen kan tillate dette ved jakt på hjort dersom føremålet er å hindre skade på natur eller samfunnsinteresser.
Forslaget frå Sogndal kommune opnar for bruk av slike siktemiddel ved jakt på hjort i opent terreng. Ved ettersøk av påskoten hjort kan dei òg nyttast utanfor opent terreng.
Bakgrunnen er mellom anna eit mål om å redusere hjortestammen og dermed redusere skadar på landbruk og natur, og talet på hjortepåkøyrsler. Kommunen vurderer termiske siktemiddel som eitt av fleire verkemiddel for å få til eit meir effektivt og målretta uttak av hjort.
Me ønskjer innspel
Føremålet med høyringa er å sikre brei medverknad før forskrifta vert ferdig handsama. Alle kan kome med innspel.
Me oppmodar særleg organisasjonar i landbruket, lokale jeger og fiskelag og hjortevalda i kommunen ved valdleiarane om å sende inn høyringssvar.
Innspel kan sendast til:
E post: postmottak@sogndal.kommune.no
Post: Sogndal kommune, postboks 153, 6856 Sogndal
Frist for å sende innspel er 30. november 2026.
Kva skjer vidare?
Etter høyringa vil landbrukskontoret gå gjennom innspela og laga ei innstilling til politisk handsaming.
Sjå bakgrunn, vurdering og konsekvensar for lokal forskrift. pdf, 312 kB.
Sjå forskrift om opning for bruk restlystforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Sogndal kommune. pdf, 209 kB.
Sist oppdatert
