Då er me endeleg tilbake på skule og SFO, etter ein forlenga påskeferie grunna smitteutbrotet på skulen. Håpar alle har hatt ein fin påskeferie!:) 

Me har eit spennande prosjekt på gang på SFO, me skal starte med skulehage. Me kjem til å begynne med det denne veka. Elevane skal få vere med på heile prosessen, frå å spa jorda oppi kassene/tønnene til planting og innhausting av det me vel å plante. Dette blir veldig kjekt, og ikkje minst lærerikt!:)

Europris Kaupanger har sponsa oss med vanleg jord, europallar og mykje forskjellig frø til urter og grønnsaker. 
Montèr Kaupanger har sponsa oss med vanleg jord og fiberduk. 
Lerum har sponsa oss med tønner og pallekasser som me kan plante i.
Simas Kaupanger har sponsa oss med kompostjord.

Me set utruleg stor pris på at desse lokale bedriftene ynskjer å bidra til prosjektet vårt! 

Elles vil me denne månaden begynne å følje med på fuglekassa vår med innebygd kamera. Me kan streame live frå den heile døgnet på pc:) I fjor var me veldig heldige, då det flytta inn blåmeisar som la egg. Me fekk med oss heile prossessen, frå dei begynte å bygge reir og til egga blei klekt. Dette var stas! Me kryssar fingrane for det samme i år.