Hei.

Her er månadsplanen vår for november. Prosjektet vår denne månaden er film og dramatisering, me skal dramatisere eventyr og filme det. 
Alle elevane får tilbod om å vere med:) 
Hugs gode uteklede framover, det blir kaldare i været, og SFO er mykje ute.

Halloweenfesten vår var ein stor suksess, med 44 elevar på loftet på SFO kan me love dykk at det var bra stemning:)
Elevane lage mykje flott pynt til festen i form av fargelegging, dekorative syltetøyglas, spøkelse, edderkoppar osv.

Elles får me veldig god respons på SFO-kafeen vår frå elevane, dei gler seg til kafèdagen og kosar seg veldig der. Ved å ikkje ha for mange elevar inne samtidig ser me at det blir gode samtalar rundt dei fire borda. Og det er ein fin miks med elevar frå ulike klassetrinn på borda. Me tenkjer at dette er veldig positivt for SFO-gruppa som ein enhet/eit lag, elevane byggjer relasjonar og blir betre kjend med kvarandre. Den raude tråden på SFO som me har mykje fokus på er å gjere kvarandre betre, bygge kvarandre opp og vere eit lag. Me skal spele kvarandre gode i kvardagen:)

VIKTIG:
Siste planleggingsdagen til SFO dette skuleåret kjem denne månaden, fredag 12.november. Då er SFO stengt.