Då var "Mesternes mester" over for denne gong. 
Elevane har gleda seg til kvar dag med "Mesternes mester" på SFO, noko som har vore moro å sjå. 
Alle har delteke og gjort sitt beste!:)

Det er som me har sagt til elevane desse dagane: "Det er veldig kjekt å vinne, men det viktigaste er utan tvil å delta og å gjere sitt beste"! 

Gratulerar til alle elevane med kanonbra innsats! Og gratulerar til lag 5 som stakk av med seieren!:)
Rektor Kjell Ertesvåg fekk den store æra med å dele ut diplomar og medaljar til vinnarlaget. Det er ekstra stas for elevane når sjølvaste rektor er til stades!
To av elevane på vinnarlaget var dessverre sjuke onsdag, og fekk ikkje med seg premieutdelinga. Men dei får medalje og diplom begge to:)


Rektor deler ut medalje og diplom:

https://youtu.be/MA0OGAyka6Q