I dag starta me med "Mesternes mester" på SFO. Det var mange spente elevar som kom på SFO 13:15, og dei var klare til å begynne med ein gong!
Men før øvelsane var i gang viste me fram ein video for elevane, og då fekk dei seg ei positiv overrasking. I videoen var det nemleg nokre personlege helsingar til Kaupanger SFO i forbindelse med "Mesternes mester". Johann Olav Koss, Eirik Verås Larsen, Håvard Tvedten og Odd-Bjørn Hjelmeset sa alle nokre motiverande ord til elevane våre:) Dette var VELDIG stas, og god motivasjon før konkurransen starta.
Denne videoen kan dykk sjå her: https://youtu.be/7uIVV8yHYg0 

Øvelsane me har vore gjennom i dag:
- 90 graderen
- klatre opp i klatreparken > memorere talkoden som sto på ein lapp øverst > klatre ned att og slå inn talkoden på ein hengelås for å opne den
- Jerngrep (henge etter berre armane i klatreparken så lenge som mogleg)

Elevane har imponert skikkeleg i dag med styrke, uthaldenheit og ikkje minst vilje! Dei har pusha grensene sine, og mange har nok overraska seg sjølv med å klare å presse seg meir enn venta. Dei har heia kvarandre fram uavhengig av kva lag dei er på, og gleda seg over andre sine prestasjonar!
Det er alltid kjekt å vinne, men det viktigaste er å delta og gjere sitt beste! Det har gjengen vår vist i dag:) Det er moro å sjå!  

Så må det og nemnast at to av elevane slo sjølvaste Magnus Midtbø (3.plass i årets MM) i øvelsen "jerngrep", dei hang begge to i over 5 min. Veldig imponerande! 
Det var ingen som klarte å slå Johann Olav Koss i 90 graderen med sine 40min, men innsatsen var veldig bra der og! Ein 1.klassing og ein 2.klassing pressa seg over 7 min, som er imponerande:)

Første dagen med "Mesternes mester" har vore knallbra!:) Me gler oss til dag to!

Videoklipp (alle videoklipp er private, dei ligg ikkje ute offentleg på youtube) :

https://youtu.be/4Rl50jrfc7M (90 graderen)

https://youtu.be/JQtmYnIhxys (klatring)

https://youtu.be/ffV9W7KvvMQ (klatring)

https://youtu.be/fHeZdYWbFMo (jerngrep)

https://youtu.be/2bz8n2qgFbA (90 graderen)