Etter påske starta me opp med skulehageprosjektet vårt. Elevane har vore med på heile prosessen, utanom å sette kassene saman og feste fiberduken.
Det har vore bæring av sekkar med jord, dei har fyllt kassene og tønnene med jord, sådd frø og vatna.

Veldig kjekt at mange føresette har bidrege med urter og planter, det set me stor pris på. 
Føresette har til dømes komme med: rabarbraplanter, paprika, jordbærplanter, tomatplante og frø til jordbær, sukkererter og gulrot. 
Me ser at elevane synes det er kjekt at førestte bidreg til skulehagen, det er ekstra stas:)

Me ser allereie at skulehage er ein lærerik prosess, både for elevar og oss vaksne. Og med deltaking og ansvar får elevane fort eit eigarskap til skulehagen. Det er kjekt å sjå.
Så er det veldig spennande og lærerikt å sjå utviklinga frå eit frø blir planta til det spirer, og at me til slutt kan ete det me har dyrka i skulehagen, eller bruke det i mat. Me har mange elevar som er veldig interesserte, og andre som er mindre interesserte. Noko som er veldig naturleg. 

Det me til no har planta i skulehagen er:

- spinat
- persille
- rabarbra 
- jordbærstiklingar
- toppløk
- grasløk
- reddik
- grønnkål
- plukksalat
- ringblomst
- sitrontimian
- oregano
- gulrot i mjølkekartongar
- squash og gresskar i potter inne

Så får me sjå kor mykje av dette som vil spire:) Me er ikkje ekspertar på dette området, men me er veldig positive og har stor tru på at dette blir bra!:)