Her har me samla bilete og video frå nokre av aktivitetane me har hatt på SFO i år:)

https://youtu.be/nY8I68w0gHo

Tusen takk for eit innhaldsrikt og morosamt år på Kaupanger SFO!:) Det har vore eit litt spesielt år grunna COVID19, men me har på tross av dette fått gjennomført mange kjekke aktivitetar. 3.kl har i vinter vore fleire gonger i skitrekket, me har gått på skøyter på skulen og på ridebana, me har gjennomført SFO vinter-OL, hatt SFO Mesternes mester, bygd humlekasser, starta opp med skulehage, laga flotte spikarbilete, laga mat og grilla i gapahuken vår + + + +. Det verkar som elevane har kosa seg på SFO, det har me vaksne og!

Frå hausten kjem rammeplan for SFO inn, den vil ligge til grunn for korleis me planlegg og jobbar på SFO. Det vil ikkje medføre store endringane hjå oss, då me allereie har mykje av det rammeplanen krever og ynskjer med tanke på kvalitet og aktivitetar i SFO. Me kan og ynskjer alltid å bli betre, fornye oss og tilby spanande aktivitetar av forskjellig slag på SFO. Rammeplanen er eit veldig godt verktøy som kvalitetssikrar arbeidet på SFO, og me er veldig nøgd med at den er på plass! 

Me gler oss til å få varmmat inn att på SFO frå hausten av, i tillegg til "SFO kafè" som var ein suksess før COVID19 braut ut. Me ser og fram til å kunne tilby musikk og kor med Kari Malmanger på SFO, me er veldig glade for å få nytta musikkompetansen hennar hjå oss!:) 

Elles er det alltid trist når elevar som har gått på SFO sluttar, me knyter tette bånd og gjer mykje kjekt ilag i tida på SFO. Men me gler oss samtidig til å få nye 1.klassingar inn og å bli kjent med dei! 

Tusen takk for i år alle saman, både kjekke føresette og fantastiske elevar!:)