Velkommen tilbake frå sommarferie:) No var det godt å komme i gang att!
Me har hatt to fine veker på SFO før skulestart, med nydeleg vær og mykje uteaktivitet.

Me har laga mat med ingrediensar frå skulehagen vår, brukt gulerøtter, salat, løk og poteter:)
Elles har me plukka blåbær og vore på tur i skogen rundt skulen, me har leika mykje på bana og på skuleområdet og hatt oss ein tur på "pumptracken" og i Tufteparken.

Nokre av elevane som byrjar i 1.kl har vore her desse vekene, velkommen til dei:)

No er me klare for skulestart og ei nytt kjekt SFO-år!:)