Opningstider

SFO-året går frå veke 31 til og med veke 26.

Dagleg opningstid i SFO er som hovudregel frå kl. 0730 til kl. 16.30. Rektor på den einskilde skule kan i samråd med SU gjere vedtak om avvikande opningstid.

Skulefritidsordninga har ope alle verkedagar med følgjande unntak:

• 4 veker i juli (veke 27 – 30)

• 5 planleggingsdagar for personalet, desse er spreidd ut over året. Trykk her for å sjå oversikt for skuleåret 2023-2024.

• Julaftan og nyårsaftan

• SFO stengjer 12.00 onsdag før skjærtorsdag

Dersom det er 4 eller fleire born som ynskjer tilbod i skulefrie periodar gjev ein tilbodet på den einskilde SFO. Er det mindre enn 4 kan det verte aktuelt å gi tilbod på andre SFO – ar i kommunen eller i barnehagen ved det aktuelle oppvekstsenteret.

Ferieplass SFO

Kontakt rektor for å søke ferieplass.