Eigedomsskatt

Eigedomsskatten er utskriven etter eigedomsskattelova § 3a.

Skattesatsar for 2026

For bustadeigedomar og fritidseigedomar er eigedomsskatten skriven ut med kr 4,- for kvar kr 1 000,- i takstverdi (4 promille).

For alle bustadeigedomar og fritidseigedomar utgjer eigedomsskattegrunnlaget 70 prosent av skattetaksten for slike eigedomar, jf. eigedomsskattelova § 8 A-2.

Eigedomsskatten er skriven ut med kr 7,- for kvar kr 1 000,- i takstverdi (7 promille) for næringseigedom, energianlegg (kraftanlegg og kraftnettet), naust, tomter (bustad, fritid, næring og naust) .

Bustadverdi (formuegrunnlag) frå Skatteetaten

Kommunen har vedteke at for alle bustadeigedomar som får fastsett bustadverdi (formuegrunnlag) frå Skatteetaten, så skal slik bustadverdi nyttast for eigedomsskatten. Slike bustadeigedomar har difor ikkje vorte kommunalt takserte.

Bolig, eiendom og tomt - Skatteetaten Lenke til et annet nettsted.

Betalingsfrist

Kommunal fakturering av eigedomsskatt for 2026 skjer i to terminar:

  • 1. termin fakturert i slutten av februar med forfall 20. mars
  • 2. termin fakturert i midten av august med forfall 20. september

Det er tilbod om fleksibel fakturering fordelt på inntil 12 månader (månadleg fakturering eller fakturering for 2 månader per gong). Ved fleksibel fakturering vil eigedomsskatt for januar og februar koma på faktura i februar.

Eigedomsskatteliste

Eigedomsskatteliste for 2026 var lagde ut til offentleg ettersyn i 4 veker frå 24. februar 2026 på følgjande stader:

  • Innbyggartorget på kommunehuset i Sogndal
  • Innbyggartorget på biblioteket i Saften i Leikanger
  • Innbyggartorget på Holmatunet i Balestrand
  • Sogndal bibliotek
  • Fjærland busenter

Klage på eigedomsskatten

Klagefrist på utskriven eigedomsskatt 2026 er innan 6 veker etter at eigedomsskatteliste vert lagd ut til offentleg ettersyn, det vil seie innan 8. april 2026.

Det er viktig at du sender klagen til rett klageinstans:

Klage på eigdomsskattegrunnlaget for bustadeigedomar med bustadverdi fastsett av Skatteetaten, må rettast til Skatteetaten:
Kontaktinformasjon Skatteetaten Lenke til et annet nettsted.

Klage på kommunalt takserte skatteeigedomar skal sendast skriftleg til Sogndal kommune ved eigedomsskattekontoret, helst på e-post, men du kan også klaga per brev:
​E-post: postmottak@sogndal.kommune.no
Postadresse:
Sogndal kommune
Eigedomsskattekontoret
Postboks 153
6851 Sogndal

Retningslinjer for eigedomsskattetaksering

Retningslinjer for eigedomsskattetaksering av fast eigedom i Sogndal kommune Lenke til et annet nettsted. (PDF)

Sonekart:

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?