Søk barnehageplass
Søknadsfrist er 1. mars.
Fristen gjeld både søknad om ny plass, og endring av eksisterande.
Barnehageåret startar 15. august, og tildelt barnehageplass gjeld fram til barnet skal starta på skulen.
Informasjon om barnehagetilbodet 2026-2027
Kyrkjebakken blir ein ny og moderne barnehage!
Frå 1. august 2026 blir SAMAN gjort om til nye Kyrkjebakken barnehage. Det er opna for å søka plass i Kyrkjebakken til hovudopptaket. Du kan lese meir om verksemdsoverdraginga og den nye barnehagen på sida til Kyrkjebakken barnehage Lenke til et annet nettsted..
- Søker du barnehageplass frå nytt barnehageår (15. august) eller seinare på hausten, søker du i Kyrkjebakken barnehage.
- Søker du barnehageplass med ynskje om oppstart i løpet av våren, søker du barnehageplass i Sogndal studentbarnehage. Ver merksam på at barnehagane berre kan tilby plass på våren dersom dei har ledig kapasitet. Har studentbarnehagen ikkje ledig kapasitet på våren, vil du difor bli tilbydd plass i Kyrkjebakken barnehage frå nytt barnehageår.
Før det vert innflytting i Kyrkjebakken, skal barnehagen renoverast, og det er uklart kor tid det vert flytting. Barnehagen vert driven i dei lokala som SAMAN studentbarnehage er i 2025/26 inntil Kyrkjebakken er klar. Det er Kyrkjebakken barnehage som frå 2026/27 er tilrettelagt for studentar ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal.
Søknad, opptak og svar på søknad
Søknadsfristen for samordna hovudopptak for kommunale og private barnehagar er 1. mars.
Føresette kan søka om barnehageplass heile året, og blir først kontakta når barnet kan få tilbod om plass. Før overgang til nytt år vert søknadar med ynskje om oppstart i noverande år kansellert. I desse tilfella må føresette søke på ny. Søknadar for komande år vert med i neste års venteliste.
Det er opptakskriteria som avgjer kva plass ein har på ventelista, ikkje tidspunktet for søknaden.
Frå midten av mars sender me ut tilbod om plass med varsling via e-post. Hovudopptaket pågår fortløpande til alle med rett til plass har fått svar på søknad. Det kan difor gå noko tid før du mottek tilbodet. Føresette svarar via søknadsportalen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. innan svarfristen. Barn som har rett på plass ved hovudopptaket må ta imot plass med oppstart seinast 1. desember same år.
Søker de før barnet har rett til plass vert de først kontakta når barnehagen har ledig kapasitet. Det kan dermed verte lang ventetid før de får svar.
Rett til barnehageplass
- For å ha rett på plass må barnet ha fylt eitt år innan utgangen av november det året ein søker.
- Dersom barnet fyller eitt år i september, oktober eller november det året det vert søkt, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet er født.
- Familien må vere busette i kommunen når barnet byrjar i barnehagen.
Prioritering
Enkelte barn har rett til prioritet. Kva som gir prioritet finn du informasjon om i vedtektene. Søkjer du om prioritering ved opptak må det leggast ved dokumentasjon av nyare dato frå sakkunnig instans som til dømes barnevern, helsestasjon, lege eller PPT. Vedlegg kan lastast opp i søknadsportalen eller sendast per post til: Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal.
Redusert betaling
Etter at du har fått tildelt barnehageplass, er det høve til å søkja om redusert betaling dersom du har låg inntekt og kjem inn under ordninga om redusert foreldrebetaling.
Hugs at du må søkja på nytt kvart barnehageår. Meir informasjon om redusert foreldrebetaling Åpnes i nytt vindu..
For at søknad om redusert foreldrebetaling skal kunne gjelde frå nytt barnehageår, er fristen 1. juni.
For søknader som kjem i løpet av året, vil vedtak gjelde frå månaden etter søknaden er motteken.
Informasjon om redusert foreldrebetaling Åpnes i nytt vindu.
Oppseiing og endring av barnehageplass
Gjensidig oppseiingstid er ein månad, frå den 1. eller den 15. i månaden. Oppseiinga skal vere skriftleg. Send oppseiing av plass via føresettportalen Lenke til et annet nettsted., og gje beskjed til styrar i barnehagen. Sjå vedtektene for meir informasjon om oppseiing.
Dersom du ynskjer å bytta til annan barnehage eller endra opphaldstid i noverande barnehage må du óg nytta føresettportalen Lenke til et annet nettsted..
Tildeling av plass i ny barnehage fører automatisk til at tidlegare barnehageplass vert sagt opp.
Priser
Barnehage og SFO
Barnehage - Satsar foreldrebetaling
Foreldrebetaling for opphaldstid følgjer reglane for maksimalsatsar, jf. statsbudsjettet.
Betalingssatsane innan barnehage er fritekne for mva.
Maksimalsats for heil plass er kr 700.
| Plasstype | Foreldrebetaling | Matpengar |
|---|---|---|
| 100 % plass | 700 | 397 |
| 80 % plass | 560 | 373 |
| 60 % plass | 420 | 294 |
Prisar 2026
Foreldre betalar for 11 månader i året, 4,5 månader i hausthalvåret og 6,5 månader i vårhalvåret. Betalinga skjer på forskot den 15. i kvar månad, første gong 15. august.
Syskenmoderasjon:
Barn 1: full pris
Barn 2: 30% moderasjon for barn nr. 2
Barn 3 og fleire: 100% moderasjon for barn nr. 3 og fleire
For hushald med rett til inntektsgradert foreldrebetaling, tek syskenmoderasjonen utgangspunkt i den nye satsen for barn nr 1.
SFO - Skulefritidsording
Plasstilbod for SFO:
- Heil plass med ferie: alle morgonar, ettermiddagar og feriedagar/inneklemde fridagar i SFO-året
- Heil plass eks. ferie: alle morgonar og alle ettermiddagar, eks. ferie
- Morgonplass eks. ferie: alle morgonar
- Ettermiddagsplass eks. ferie: alle ettermiddagar
- Ettermiddagsplass (to faste ettermiddagar per veke eks. ferie)
Ferie vert definert som alle skuleferiar og inneklemde fridagar i SFO-året. SFO er feriestengd fire veker om sommaren. Ein betalar for 11 månader (årskostnad delt på 11 som gjev månadssum).
Betalingssatsar for SFO er fritekne for meirverdiavgift.
Det er nasjonalt fastsett tre moderasjonsordningar for SFO:
- 12 timars gratis SFO for elevar på 1. - 3. trinn
- Redusert foreldrebetaling i SFO for hushald med elevar på 1. - 4. trinn slik at utgifter til SFO per barn ikkje overstig 6% av hushaldet si inntekt.
- Gratis SFO for elevar med særskilte behov 5. - 7. trinn
Prisar 2026
| Type plass | Pris pr mnd |
|---|---|
| Heil plass inkl ferie | 3436 |
| 1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.) | 1770 |
| Matpengar | 317 |
| Heil plass ekskl ferie | 3239 |
| 1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.) | 1573 |
| Matpengar | 317 |
| Morgonplass ekskl ferie | 1231 |
| 1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.) | 0 |
| Matpengar | 0 |
| Ettermiddagsplass ekskl ferie | 2205 |
| 1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.) | 538 |
| Matpengar | 317 |
| To faste etterm. kvar veke ekskl ferie | 1231 |
| 1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.) | 0 |
| Matpengar | 192 |
| Tre faste etterm. kvar veke ekskl ferie | 1552 |
| 1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.) | 0 |
| Matpengar | 237 |
| 12-timars SFO 8 - 15 | 1666 |
| 1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.) | 0 |
| Matpengar | 317 |
| Andre ferietilbod | |
| Per veke | 916 |
| Per veke barn med gratistilbod | 549 |
| Per dag | 367 |
| Moderasjonar | |
| Barn 1 | Full pris |
| Barn 2 | 30% |
| Barn 3 og fleire | 50% |
| Reduksjon ved leksehjelp | -30 per time |
Foreldrebetalinga vert redusert med kr 30 per heil SFO-time for elevar som får gratis leksehjelp i SFO-tida.
Relatert informasjon
Relaterte artikler
- Prisar og moderasjonar
- Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid
- Søknad om spesialpedagogisk hjelp
- Foreldrebetaling
- Vedtekter
- Spesialpedagogisk hjelp
- Søk om plass
- Vedtekter
- Spesialpedagogisk hjelp
- Søk om plass
- Vedtekter
- Spesialpedagogisk hjelp
- Søk barnehageplass
- Foreldrebetaling
- Vedtekter
- Spesialpedagogisk hjelp
- Søk om barnehageplass
- Spesialpedagogisk hjelp
- Søk om plass
- Vedtekter
- Spesialpedagogisk hjelp
- Søk om plass
- Søk om plass
- Vedtekter
- Spesialpedagogisk hjelp
- Søk barnehageplass
- Vedtekter
- Spesialpedagogisk hjelp
- Spesialpedagogisk hjelp
- Søk om plass
- Vedtekter
- Prisendring barnehage
- Vedtekter for barnehagane
- Vedtekter for barnehagane
- Mobbeombod
- Mobbeombod
- Mobbeombod
- Mobbeombod
- Mobbeombod
- Mobbeombod
- Mobbeombod
- Mobbeombod
- Mobbeombod
- Mobbeombod
- Barn med nedsatt funksjonsevne
- Barn med nedsatt funksjonsevne
- Barn med nedsatt funksjonsevne
- Barn med nedsatt funksjonsevne
- Barn med nedsatt funksjonsevne
- Barn med nedsatt funksjonsevne
- Barn med nedsatt funksjonsevne
- Barn med nedsatt funksjonsevne
- Barn med nedsatt funksjonsevne
- Tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne
Sist oppdatert
