Visma oppvekstadministrativt system

For å gjere kontakt med heimen enkel og trygg nyttar kommunen Visma som leverandør av oppvekstadministrative system (OAS). Føresette kommuniserer med barnehage og skule via nettsida Føresettportalen og appen Visma flyt foresatt. Elevar kan nytte Elevportalen.

Visma flyt foresatt

Dagleg kommunikasjon via app

Den daglege kontakten mellom skule/barnehage og heim går via appen.

Logg inn med ID-porten.

Føresette brukar appen til:

  • Lese og sende meldingar til skulen/SFO eller barnehagen. Du kan sende meldingar til enkelte tilsette og/eller leiar, eller gruppemelding.
  • Melde frå om fråvær (bruk Føresettportalen til å søke om permisjonar). 
  • Sjå når barnet er tilstades på skulen/SFO eller i barnehagen
  • Sjå og svare på samtykke og anna viktig informasjon om barnet ditt
  • Sjå og svare på vurderingar (skule)
  • Sjå og svare på digitale spørjeskjema og dokument
  • Har du fleire barn? Byt mellom dei ved å trykke på namnet øvst i appen.

Utover hausten blir appane Min barnehage og Min skole til éin felles app = Flyt foresatt.

Kva er nytt i appen Flyt Føresett?

Flyt Føresett er ein ny app for føresette, der du finn alle barna dine i same app.

Det gjeld òg barn som går på fleire skular, eller både i barnehage og skule.

Akkurat no er appen for skule og SFO. Barnehage kjem til hausten.

Eksisterande appar kan nyttast inntil vidare, det kjem dato for utfasing, når den nye appen er ferdig implementert.

Du loggar inn med ID-porten

Du loggar inn på same måte som på offentlege tenester, som Skatteetaten eller Helsenorge.

Slik gjer du:

  • Opne appen.
  • Trykk på "Logg inn med ID-porten".
  • Vel metoden din (dei fleste vel BankID).
  • Skriv inn fødselsnummeret og passordet ditt.
  • Godkjenn på mobil eller med brikke.
  • Du loggar inn éin gong. Appen hugsar deg etter det.

Skru på varsel

Varsel er meldingar som dukkar opp på telefonen din.

Dei kjem når skulen sender ny informasjon.

Første gongen du opnar appen:

  • Appen spør om han kan sende varsel.
  • Trykk "Tillat" eller "Ja".

Då ser du nye meldingar med ein gong.

  • Vil du ha færre varslar?

Gå inn på Innstillinger i appen. Der vel du sjølv kva du vil ha varsel om.

Er appen trygg?

Ja. Visma har laga appen.

  • Berre du og tilsette med tilgang til barnet ditt ser meldingane.
  • Du loggar inn med BankID. Ingen kan logge inn som deg.
  • Du finn personvernerklæringa til kommunen i appen.
  • Gå til Innstillingar. Trykk på Personvern.

Dersom appen ikkje verkar

Prøv dette først:

  • Lukk appen heilt.
  • Opne han på nytt.
  • Sjekk at telefonen har nett.
  • Sjekk Tenestestatus inne i appen.
  • Avinstaller appen, og installer han på nytt.

Tenestestatus viser om Visma har eit problem akkurat no.

Viss det er raudt eller gult: Vent litt og prøv igjen seinare.

Treng du hjelp?

Kontakt skulen din. Send melding eller ring som vanlig. Vi hjelper deg gjerne med å komme i gong.

Pass på å laste ned appen som er frå Visma og heiter Flyt foresatt eller Min barnehage. Det finns diverre appar som liknar.

Foreløpig er ny app tilgjengeleg for skule. Brukarrettleiinga til barnehageappen blir oppdatert utover hausten når den nye felles appen er tilgjengeleg for både skule og barnehage.

Visma Føresettportalen

Søknadar, informasjon og endringar

I Føresettportalen for barnehage kan føresette:

  • søkje om barnehageplass (ny plass, endre plass-storleik, overføring)
  • sjå informasjon om opphaldet til barnet
  • seie opp barnehageplassen
  • søkje om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid
  • fylle ut helseskjema 

I Føresettportalen for skule kan føresette:

  • Søke, seie opp eller endre SFO-plass
  • Registrere søknadar (SFO, permisjon, skuleskyss, redusert foreldrebetaling, fritak, slette fråvær, tilrettelegging med meir)
  • Velja og redigera samtykke og digitale skjema
  • Sjå SFO nærvær og registrere merknadar/hentemeldingar 
  • Følgje med på fråvær, merknadar, digitale spørjeskjema og dokument, samtykke, vurderingar og karakterar. 
  • Sende/lese meldingar
  • Sjå kva faggrupper og faglærarar eleven har. 
  • Finne kontaktinformasjon til kontaktlærar/skulen
  • Sjekke at kontaktinformasjon og personinformasjon for elev og føresette er rett

Visma Elevportalen:

Informasjon til elevar

Frå elevane går i 5. trinn kan dei logge inn for å lese:

  • Vurderingar
  • Fråvær
  • Anmerkningar
  • Karakterar
  • Ev. andre dokument/ressursar

Elevane loggar inn med Feide.

Fann du det du var på jakt etter?