Prosjekttilskot

Prosjekttilskotet kan søkast på av alle aktørar som har enkeltståande prosjekt dei ønskjer stønad til å gjennomføra. Prosjektilskot har løpande søknadsfrist. 

Prosjekttilskot skal stimulera innbyggjarar og frivillige lag og organisasjonar til å skapa ny aktivitet og utvikling i kommunen og lokalsamfunna. Føremålet er å gi innbyggjarane gode nærmiljø og eit rikt kulturtilbod gjennom heile året.

Det er ein føresetnad at tilskotsmottakaren jobbar aktivt for å nå kommunen sine mål om livskvalitet, skaparkraft og miljømedvit.

Personar, organisasjonar, frivillige lag, velforeiningar og andre aktørar som jobbar med kultur, idrett, friluftsliv, nærmiljø, sosialt arbeid og likande i Sogndal kommune. Søkarar som held til utanfor Sogndal kommune kan søka dersom tiltaket eller arrangementet finn stad innanfor kommunegrensene og kjem innbyggjarane til gode.

Du kan søka om tilskot til alle typar prosjekt, aktivitetar, arrangement, utstyrskjøp eller tiltak. Til dømes konsertar, teater- eller danseframsyningar, kunst, litteratur, gaming, idrett og friluftsliv, kulturmiljø, eigenorganiserte aktivitetar, lågterskel møteplassar for ulike aktivitetar og liknande.

Du kan også søka om tilskot til oppretting eller utbetring av ulike typar fysiske anlegg som leikeplassar, sykkelstiar og liknande, opprusting og utbetring av forsamlingshus eller formidling og aktivitet knytt til kulturminne og kulturmiljø.

Tilskotet kan ikkje brukast til ordinær drift.

Søknaden må innehalda:

  • Prosjektskildring som syner kva du søker tilskot til
  • Skildringa skal også omtale korleis ein jobbar eller planlegg å jobba med:
    • Universell utforming og fysisk tilgang for så mange som råd
    • Tilbod for born og unge og/eller seniorar
    • Sosial, økonomisk og miljømessig berekraft
  • Budsjett som syner utgifter og inntekter for prosjektet

Sogndal kommune fullfinansierer ikkje prosjekt eller aktivitetar. Det er difor viktig at du legg inn eigeninnsats/dugnadsinnsats og andre finansieringskjelder i budsjettet ditt.

Maks søknadsbeløp er 50.000 kroner.

Kommunedirektøren har delegert mynde frå kommunestyret til å tildela tilskot inntil 50 000 kroner. Tildeling av tilskot, samt rapportering, skal skje i tråd med vedtekne retningsliner og innanfor ramma av tilskotsordninga fastsett i årsbudsjettet. All tildeling skal vera skriftleg og saka skal dokumenterast i arkiv.

Søknader blir vurdert etter om dei treff målgruppene og satsingsområda i samfunnsplanen til Sogndal kommune.

Tilskotet føreset at ein kan dokumentere at midlane er nytta i samsvar med søknaden dersom kommunen ber om det i samband med kontroll. Dersom tilskotsmottakar ikkje gjennomfører prosjektet slik den er skildra i søknaden, eller gjer vesentlege endringar i prosjektet, skal kommunen varslast. I slike tilfelle kan kommunen halda tilbake eller krevje tilbakebetalt tilskot dersom kommunen finn grunnlag for dette. Prosjektet skal vera gjennomført innan eitt år frå den datoen som tilskotet er gitt med mindre anna er avtala.

Søknad og vedlegg skal sendast inn via eige søknadsskjema.
Skjema for 2026 er no stengt. 

Spørsmål om søknadsordninga kan sendast til postmottak@sogndal.kommune.no

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?