Bruk av sentrumsparken
Retningslinjer for bruk av sentrumsparken vart vedteke av formannskapet i møte 14.03.24. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Retningslinjene skal gjera det enklare og meir føreseieleg for alle partar korleis arrangement skal føregå.
I arbeidet med retningslinjene vart det henta inn innspel og tilbakemeldingar frå næringsdrivande og potensielle arrangørar av aktivitetar i sentrumsparken.
Ein vil balansera omsynet til at sentrumsparken er eit fellesgode som bør vera tilgjengeleg for ålmenta med ønskje om at det skal vere rom for aktivitet, liv og røre i parken. Også kommersielle aktørar skal ha moglegheit til å nytta parken til aktivitetar, men dette må avgrensast av omsyn til tilgongen for ålmenta, og byrde for naboar og næringsdrivande.
Sist oppdatert
