Meld frå om feil og manglar

Her kan du gje tilbakemelding til Sogndal kommune om problem knytt til kommunale vegar, parkar, gatelys eller vatn og avløp.

For at me skal få best mogleg oversikt og kunne retta feil og manglar på ein effektiv måte, er det viktig at meldingar om feil og manglar blir gitt i det digitale meldesystemet på nettsida til kommunen. Dersom du ikkje kan få gjort det sjølv, kan du ta kontakt med innbyggartorget (tlf. 57 65 25 00).

Gå til meldeskjema Lenke til et annet nettsted.

Meldinga du sender inn i meldeskjema på nettsida til kommunen, blir automatisk vidaresend til rett avdeling i Sogndal kommune og teken med i prioriteringa vår av arbeidsoppgåver.

Feil på fylkesvegar må meldast til fylkeskommunen Lenke til et annet nettsted. og feil på europa- og riksvegar til Statens vegvesen Lenke til et annet nettsted.

Informasjon om brøyting og strøing

Meld om feil på gatelys Lenke til et annet nettsted.

Meldingar om feil på gatelys blir samla opp slik at arbeidet kan gjerast effektivt. Likevel er det i perioden frå oktober til april sett ein frist på ein månad for å ordna feil. Dette gjeld enkle jobbar der det berre er snakk om skifte av pærer. Skifte av lyspærer langs riksvegen er ein større jobb som krev bruk av ledebil, og kjem difor ikkje inn under ein månads-fristen. Gater med mindre enn fem mørke lamper vert ikke sett på som akutt.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?