Konsesjonsfridom - eigenfråsegn

Dei fleste eigedomsoverdragingar er konsesjonfrie. Det betyr at du ikkje treng å søkje om konsesjon når du overtek eigedommen. I staden leverer du eigenfråsegnsskjema om at du ikkje treng konsesjon. Du leverer ferdig utfylt eigenfråsegnskjema til Sogndal kommune sitt postmottak. Rettleiing for utfylling står på baksida av skjemaet. 

Kva erverv er konsesjonsfrie? 

Du finn informasjon på Landbruksdirektoratet si nettside

Kva skjema brukar eg? 

Last ned skjema frå nettsida til Landbruksdirektoratet og send det til postmottak@sogndal.kommune.no:

Gå til skjema LDIR-360

Etter at Sogndal kommune har stadfesta at overdragina av eigedommen er konsesjonsfri, sender du dokumenta til kartverket for tinglysning. 

Kontak: Innbyggartorget: 57 65 25 00 

Konsesjon

Dersom overdraginga er konsesjonpliktig, må du søkje om konsesjon. Konsesjonpliktige eigedommar er landbrukseigedommar over 100 dekar. Du må og søkje om konsesjon dersom du overtek landbrukseigedom som har lovbestemt buplikt (får nær familie), men du ikkje skal busetta deg på eigedommen. 

Korleis søkje? 

Du sender søknadsskjema til kommunen. Send også kopi av kjøpekontrakt og takst over eigedomen.  

Gå til skjema LDIR- 359 

Har du spørsmål? 

Kontaktperson:

Olav Øyrehagen 

Handsamingsgebyr 

Gebyr for handsaming av konsesjonsaker er 5 000 kroner ifylgje prisbok 2022.