Klage på vedtak

Dersom du har fått avslag på ein søknad, eller fått mindre enn det du meiner du treng, har du rett til å klage på vedtaket. Klaga skal rettast til tildelingskontoret. Du finn kontaktinformasjon i vedtaket du har fått tilsendt.

I førespurnaden du sender til tildelingskontoret er det viktig at du gir ei grunning for klaga. Du må beskrive kva du er misnøgd med, og forklare kva du meiner er feil. Dersom du har behov for rettleiing i klageprosessen, kan du ta kontakt med tildelingskontoret. Klaga skal vere skriftleg, men tildelingskontoret kan hjelpa deg med å skrive ned klaga dersom du ikkje klarer dette sjølv. Klaga må vere signert av deg. Andre kan klage på vegner av deg, men du må då gje fullmakt til dette.

Tildelingskontoret vil vidare vurdere om grunnane du oppgir for å klage, og kan gje deg medhald eller halde fast ved det opprinnelege vedtaket.

Dersom vedtaket ikkje blir endra som følgje av klage, blir klaga sendt vidare til Statsforvaltaren eller den kommunale klagenemda. Sjå i vedtaket ditt kva som gjeld i ditt tilfelle. Klageorganet vil gå gjennom saka og klaga di, og deretter anten stadfeste, oppheve, eller gjere om vedtaket til kommunen.

Dersom du har behov for rettleiing i klageprosessen, kan du ta kontakt med Pasient- og brukerombudet .

Kontaktinformasjon for klage på vedtak

Send klaga til tildelingskontoret. Du kan logge inn via ID- porten og klage elektronisk. Kontaktinformasjon for å sende inn klage på papir er: Tildelingskontoret, Postboks 153, 6851 Sogndal.

Sakshandsaming

Kommunen tek kontakt med deg dersom det er behov for ytterlegare opplysningar for å handsame klaga.

Sakshandsamingstid

Kommunen skal handsame klaga innan 4 veker. Dersom vi ikkje kan avgjere klaga innan 4 veker, skal du ha skrifteleg beskjed om grunnen og samstundes få vite når du kan vente svar. 

Klage på oppfølging frå helsetenester

Dersom du ikkje er nøgd med den helsehjelpa du frå den kommunale helsetenesta, har du rett til å klage. Du kan også klage dersom du meiner at du ikkje får den helsehjelpa du har vedtak om, eller dersom du meiner at du har rettar som ikkje er oppfylte.

Klage på oppfølging frå helsetenester skal rettast til den aktuelle tenesta i kommunen. Klaga bør innehalde informasjon tenesta du klagar på. 

Du kan også klage direkte til Statsforvaltaren dersom du ikkje er nøgd med helsehjelpa du har fått Klage på helsehjelp? | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no).