Med eDialog kan du senda brev og dokument digitalt på ein sikker måte.
 
Vanleg e-post er ikkje rekna å vera ein sikker kanal, og du skal ikkje nytta e-post om du skal senda sensitive opplysningar til kommunen.
 
Du skal ikkje bruka eDialog dersom
• kommunen har elektroniske skjema til formålet, til dømes søknad om barnehageplass, søknad om stilling m.m.
• førespurnaden gjeld enkle spørsmål som ikkje skal journalførast hos oss, då kan du senda e-post til postmottak@sogndal.kommune.no

Slik loggar du inn via eDialog:

• Logg inn via eDialog
• For å bruka tenesta, må du logga på via ID-porten (MinID, BankID m.m.).
• Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp dokumenta du vil senda til oss.

Slik fyller du ut skjemaet:

• Vel om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
• Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne).
• Tittel: Kva dokument du sender og gjerne saksnummer.
• Kommentar: Gje eventuelt greie for sendinga di.
• Hugs å lasta opp relevante vedlegg.
• Klikk på "Send forsendelse" - sendinga blir kryptert og vert send direkte til  sak/arkivsystemet vårt.
• Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks).