Pris for opphald

Dag- og korttidsopphald inntil 60 døgn 

  • Dagopphald på institusjon: 110 kroner per dag.
  • Korttidsopphald på institusjon: 193 kroner per døgn. 

Døgnsatsane for korttidsopphald gjeld for opphald som ikkje varer meir enn 60 døgn per kalenderår. 

Langtidsopphald og korttidsopphald over 60 døgn

  • Eigenandel for langtidsopphald og korttidsopphald over 60 døgn blir rekna ut med bakgrunn i inntekta di og personlege økonomiske forhold. 
  • Du må difor fylle ut eit skjema om personalia og inntektsforhold. 
  • I Sogndal kommune er det vederlagsgruppa ved tildelingskontoret som fattar vedtak om eigenandel.  

Deling av dobbeltrom 

Dersom du utan å ynskja det blir lagt på dobbeltrom, skal det trekkast frå eit fribeløp på 48 300 kroner i året per 01.01.2024. 

Dette gjeld alle langtidsopphald og korttidsopphald over 60 døgn på dobbeltrom. 

Innkrevjing av eigenbetalinga

Korttidsopphald 

Korttidsopphald blir fakturert per månad. 

Langtidsopphald 

NAV-Pensjon trekkjer kvar månad eigenandel i trygd/pensjon og overfører denne direkte til kommunen. Dersom ytinga frå NAV etter skatt ikkje dekker total eigenandel, sender me faktura på restbeløpet. Me tilrår at du legg restbeløpet inn som automatisk trekk i banken.

Endringar i inntekter og liknande

Størrelsen på eigenandelen kan bli endra når kommunen får kjennskap til endringar i inntekt eller andre forhold knytt til berekningsgrunnlaget. Kommunen oppdaterer betalingsvedtak ved mindre endringar i skatt og ved endring i grunnbeløp i mai. Det er viktig at du informerer vederlagsgruppa ved vesentlege endringar i inntekt eller skatt, slik at me kan gjera nytt eigenandelsvedtak.  

For desembermånad blir det berekna ny eigenandel avdi det er mindre skatt denne månaden. Frå januar vil eigenandelen gå tilbake til det vanlege.

Maksimalsats og betalingsfritak

Maksimalsatsen 

Ingen skal betale meir i eigenandel enn det ein institusjonsplass kostar å drive. For 2024 gjeld fylgjande maksimalsats for eigenbetaling i Sogndal kommune: 

  • Maksimal eigenbetaling for opphald i sjukeheim og buform for heildøgnsomsorg og pleie er 118 666 kroner per månad. 

Betalingsfritak første månad 

Dersom du er tildelt langtidsopphald, skal du ikkje betale eigenandel for den første månaden på sjukeheimen. Men det blir ikkje innvilga betalingsfritak om du har hatt korttidsopphald som til saman har vore meir enn 60 døgn i kalenderåret, og du alt betaler etter inntekt.

Grunnlag for eigenbetaling for institusjonsopphald

Inntekter som inngår i grunnlaget 

Eigenbetalinga blir rekna ut på grunnlag av all skattbar inntekt. Dette inkluderer pensjon og andre ytingar frå folketrygda, ytingar frå andre pensjonsordningar, arbeids- og næringsinntekter, leigeinntekter og renteinntekter. Dersom du mottek pensjon frå utlandet, må du melde dette til vederlagsgruppa. 

Slik bereknar me eigenandelen 

Inntekter opptil grunnbeløpet i folketrygda

Du betaler 75 prosent i årleg eigenandel av alle inntekter opptil grunnbeløpet i folketrygda.
Frå grunnbeløpet trekkjer me eit fribeløp på 10 000 kroner (2024). 

Inntekter utover grunnbeløpet i folketrygda 

For alle andre inntekter utover grunnbeløpet i folketrygda betaler du 85 prosent etter at skatt, eventuelle gjeldsrenter og andre frådrag er trekte frå. 

Grunnbeløpet i folketrygda

Grunnbeløpet i folketrygda er frå 1. mai 2023 118 620 kroner. 

Frådrag i grunnlaget for eigenbetaling

Forsørgjarfrådrag 

Som hovudregel vert det gjort frådrag i eigenandelen dersom du har ektefelle/sambuar eller mindreårige born som bur heime. Frådraget skal minst tilsvare brutto pensjonsytingar som ektefelle eller born hadde fått frå folketrygda dersom bebuar var død. 

Frådraget blir redusert dersom ektefelle eller born har eiga arbeidsinntekt eller mottek pensjon frå folketrygda. 

Det blir også gjeve frådrag av halvparten av brutto pensjonsytingar som kjem i tillegg til ordinær folketrygd. Døme på dette er tenestepensjon eller andre private pensjonsordningar. 

Frådrag for utgifter til sjølveigarbustad

Kommunen kan gje deg frådrag for faste utgifter til sjølveigarbustad. Beløpet blir fastsett av kommunestyret kvart år.

Bebuar utan heimebuande ektefelle/sambuar 
Du får frådrag for faste boutgifter i ein periode på 6 månader. 

Bebuar med heimebuande ektefelle/sambuar 
Du får frådrag for faste boutgifter i ein periode på eit år. Dersom den heimebuande har problem med å behalde bustaden, kan perioden bli forlenga. Du må då levera inn søknad med dokumenterte utgifter.

Etteroppgjer når likninga er klar 

Kvart år gjennomfører kommunen eit etteroppgjer i samband med skatteoppgjeret.

Skjema med opplysningar

I brev om innvilga langtidsopphald og i betalingsvedtak vert det sendt med forskjellige skjemaDet er viktig at desse skjemaa blir fylte ut og sende tilbake so snart som mogeleg.  
Returadresse er: Tildelingskontor, Postboks 153, 6851 Sogndal.

Det er berre bebuarar som har korttidsopphald over 60 døgn i eit kalenderår eller som får tildelt langtidsopphald som skal fylle ut skjemaa. 

Me ber om å få tilsendt kopi av verjefullmakt når Statsforvaltaren har oppretta verjemålet for bebuar. Dersom det føreligg anna fullmakt, det vil seie at bebuar har gjeve fullmakt til eit familiemedlem eller andre, ber me om å få tilsendt kopi av den. 

Klage på vedtak om eigenandel

Statsforvaltaren i Vestland er klageinstans for vedtak om eigenandel. 

Du som bebuar, verje eller anna person som har gyldig fullmakt, kan klage. Klagen må vere signert av deg eller din representant.

I klagen bør du nemne dei tilhøva det blir klaga på og gi opplysningar som kan vere av betyding for handsaminga av saka. Det er vederlagsgruppa som har fatta betalingsvedtak, og klagen skal sendast dit. Klagen kan sendast til tildelingskontoret ved vederlagsgruppa innan 4 veker etter at du har motteke vedtaket. Klagen kan du senda i papirform, via eDialog der du loggar inn med BankID eller som e-post til tildeling@sogndal.kommune.no. 

Dersom klager ikkje får medhald, sender vederlagsgruppa klagen vidare til Statsforvaltaren. 

Kontaktinformasjon for spørsmål

Dersom du har spørsmål om eigenandel for opphald i institusjon i Sogndal kommune, kan du kontakte sakshandsamarane i vederlagsgruppa. 
Du kan kontakte tildelingskontoret på telefon eller ringe til sakshandsamar på telefon i telefontid som står oppgitt på betalingsvedtaket.