Tildelingskontoret har som mål å sikra at alle innbyggarar skal få lik tilgang på helse- og omsorgstenester uavhengig av alder, tenestebehov og bustad. Alle som har behov for helse- og omsorgstenester, kan ta kontakt med tildelingskontoret. Tildelingskontoret er helse- og omsorgseininga sitt forvaltningskontor. Tildelingskontoret si hovudoppgåve er å handsama søknader om helse- og omsorgstenester, svara på spørsmål og gi rettleiing.
Tildelingskontoret i Sogndal kommune skal
- vera ein felles inngang til helse- og omsorgstenestene i kommunen
- sikra tverrfagleg og individuell vurdering av behov for kommunale helse- og omsorgstenester
- bidra til at det vert gjeve heilheitlege og forutsigbare helse- og omsorgstenester
- vera eit fast kontaktpunkt for samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og kommunen
Kontoret har sakshandsamarar med kompetanse og erfaring innan helsefag og forvaltning.
Me har også funksjonar som