Tenesteguiden
Som innbyggjar i Sogndal kommune finst det mange ulike tenester, tilbod og aktivitetar ein kan delta på. Det er ikkje alltid så lett å navigere i alle tilboda som finst, og kommunen har difor utarbeida eit oversikteleg oppslagsverk for dette. Målet med tenesteguiden er å hjelpe deg å finne fram til rett informasjon, på ein enkel måte.
Guiden skil mellom:
- Tilbod og aktivitetar du kan bruke utan vedtak, som frivillige tilbod, lag og organisasjonar og kommunale lågterskeltenester.
- Tenester som krev vedtak, med informasjon om kriterium og saksgang.
Du finn også informasjon om korleis kommunen jobbar med tidleg innsats, førebygging og brukarmedverknad, samt ulike tenester og tiltak kan støtte deg i å meistre kvardagen best mogleg.
Tenesteguiden er eit levande dokument og blir oppdatert fortløpande. Kom gjerne med innspel dersom guiden manglar noko eller du finn feil. Tenesteguiden er per no ikkje klikkbar, men vi jobbar med å gjere den meir brukarvennleg og lettare å navigere i. Dersom du brukar Microsoft Edge, kan du nytte søkefeltet øvst til høgre på nettsida for raskt å finne fram til innhald i guiden.
Gå til tenesteguiden (pdf) Lenke til et annet nettsted.
Du kan også kontakta helsetorget for å få hjelp til å finna rett tilbod Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert

