Ny felles app for føresette

Føresette kan no kommunisere med skule og barnehage om alle barna i éin ny felles app

I haust har dei eksisterande appane Min barnehage og Min skole blitt til éin felles app= Visma Flyt foresatt. 
Kva er nytt? No finn føresette alle barna dykkar i same app. Det gjeld òg om barna går på ulike skular, eller både i barnehage og skule.
Eksisterande appar kan nyttast inntil vidare, det kjem dato for utfasing, når den nye appen er ferdig implementert.

Skulane har teke i bruk den nye appen frå skulestart i år. Barnehagane går i gong med å nytte den no. 

Informasjon om ny app

Meir informasjon om Visma som oppvekstadministrativt system finn du her: 

Kjente feil

I høve overgangar til nye system og appar vil det alltid dukke opp enkelte feil som må rettast. For augeblikket jobbar utviklarar hjå Visma med å rette opp i følgjande:

  • Ved registrering av fråvær på iOS-einingar må ein velje årsak til fråværet på nytt etter at ein har valt startdato for fråværet.
  • Fråværsoversikta på Android-einingar blir ikkje alltid oppdatert riktig når ein vekslar mellom barna sine.
  • Varslingar i appen frå barnehagen blir ikkje viste med eit raudt merke på appikonet. Meldingar i Min Barnehage - Foresatt blir viste med eit slikt raudt merke.

Me beklagar ulempene.

Sist oppdatert

Slik kjem du i gong med Flyt Foresatt

  1. Last ned appen Flyt Foresatt frå App Store eller Google Play på mobil eller nettbrett.
  2. Logg inn med ID-porten (dei fleste vel BankID).
  3. Tillat varslingar slik at du får beskjed når noko nytt skjer.
  4. Sjekk at barnet eller barna kjem fram i appen. Dersom ikkje, ta kontakt med barnehagen.
  5. Aktiver biometri (Face ID eller fingeravtrykk) for raskare innlogging seinare.
Fann du det du var på jakt etter?