Digitale program i Sogndalsskulen

Brukarkonto i Feide
Brukarkonto i Feide
Elevane i Sogndalsskulen får ein digital brukarkonto i Feide. Denne kontoen gir tilgang til ei rekke digitale læremiddel og læringsressursar, som skulane gradvis tek i bruk med elevane, tilpassa etter alder.
Feide Lenke til et annet nettsted.er identitetsløysinga til Utdanningsdirektoratet for sikker innlogging og datadeling i utdanning og forsking, og vert nytta i Sogndal kommune for tilgang til skuleressurser for elevar og tilsette.
For elevar
Elevar som går på skule i Sogndal kommune kan få passordet sitt ved å ta kontakt med kontaktlærar på skulen. Dei vil kun gje passord til eigar av brukarkontoen. Det same gjeld dersom eleven har gløymd passordet, og treng å få laga eit nytt. Elevar må alltid hugse å endre førstegangspassordet sitt. Skulane skal gje god opplæring i passordhandtering. Det er ein av dei grunnleggande ferdigheitene elevane skal lære seg for trygg bruk.
For tilsette
Tilsette i Sogndal kommune kan resette eige passord via denne lenka. Lenke til et annet nettsted.
Alternativt kontakte skulen sin IT-kontakt eller melde sak til IT-avdelinga.
Bruk av Microsoft 365 education
Bruk av Microsoft 365 education
I tillegg til Feide får elevane tildelt ein brukarkonto med Microsoft lisens. I undervisinga nyttar elevane ulike læringsverktøy frå Microsoft og Teams som LMS-system. IKT har sett opp avgrensing for chat i Teams alt etter alder og rolle. Vidare har me stengt for bruk av Microsoft reflect.
Visma skuleadministrativt system
Visma skuleadministrativt system
Som skuleadministrativt system nyttar kommunen Visma flyt skule med tilhøyrande app flyt foresatt.
Trykk her for å lese om Visma som skuleadministrativt system
Oversikt over digitale læremiddel, -ressursar og appar
Oversikt over digitale læremiddel, -ressursar og appar
Me jobbar med ei løysing som gir oversikt over alle dei digitale læremidla, ressursane og appane som er i bruk i Sogndalsskulen. Denne løysinga vil òg gje brukarar oversikt over vurderingar som er gjort før skulane kan ta tenestene i bruk.
Inntil vidare kan du på heimesida lese om læringsplattformen vår Skolestudio frå Gyldendal og bruk av Minecraft i undervisinga.
Sist oppdatert
