Open utlysning:
Saften fleirbrukshus, Leikanger

Sogndal kommune inviterer til open prekvalifisering for profesjonelle biletkunstnarar og kunsthandverkarar for kunstprosjekt ved Saften fleirbrukshus på Leikanger.
Frist 7. desember 2026 

Kontekst
Saften er Sogndal kommune sitt administrasjonsbygg på Leikanger. Bygget har mange funksjonar og innehelder kontor- og møtelokale for kommuneadministrasjonen, bibliotek, frivilligsentral, sosial sone med enkelt kjøkken, ungdomsklubb, kultursal og vrimleareal. I tillegg til dei kommunale funksjonane inneheld huset også matvarebutikk, andre butikkar, treningssenter og idrettshall. Bygget er ein mangfaldig møteplass med høgt aktivitetsnivå for lokalsamfunnet på Leikanger.

Byggeprosjektet Saften er eit ombyggings- og transformasjonsprosjekt. Ombygginga av det som ein gong husa ein saftfabrikk starta hausten 2024 og sto klart 2026.

Det er ønskeleg at kunstprosjektet bidreg til å heve opplevinga og kvaliteten av heile Saften, både innandørs og utandørs. Saften er det nye fleirbruksbygget og storstova til Sogndal kommune, og spesielt til Leikangersamfunnet. Når ein kjem til Saften, kjem ein til det Sogndal kommune og det sivile fellesskapet sitt hovedsete, og dette ønskjer vi å løfta ved hjelp av kunsten.

Om kunstprosjektet
Det er avsett 700.000 kroner til kunstprosjektet, inkludert honorar til kunstnarar, produksjonskostnader og montering. Kunstutvalet ønskjer kunstnarar som kan jobbe med både innandørs- og utandørsprosjekt.

Vi ønskjer å høyre frå kunstnarar som jobbar med ulike uttrykk, teknikkar og format – både etablerte kunstnarar og kunstnarar i etableringsfasen – og oppmodar kunstnarar med ulik bakgrunn om å søkje.

Føremålet med prekvalifiseringa er å finne gode kandidatar med interesse for prosjektet. Kunstutvalet vil deretter velje 3 kunstnarar som blir inviterte til å utarbeide skisseforslag. Kunstutvalet ønskjer i denne omgangen ingen konkrete idear eller skisser på moglege kunstnariske løysingar. Interesserte kunstnarar blir bedne om å sende inn ei samla PDF-fil med:

  1. Grunngjeving for interesse.
  2. Presentasjon av tidlegare arbeid og prosjekt.
  3. CV og kontaktinformasjon.

Lenkjer kan oppgivast som tillegg til dokumentasjonen.
Materialet skal vere på maksimum 10 A4-sider, alt inkludert.
Maksimal storleik på PDF-fila er 10 MB.

Frist: 7. desember 2026
Frist for å melda si interesse er 7. desember 2026. Kunstnarar som blir ønskte med vidare i prosessen, får beskjed om dette 15. januar 2027 og blir inviterte til seminar/synfaring i midten av februar 2027. Dei utvalde kunstnarane får eit honorar på 30.000 kroner for å utvikle eit prosjekt som skal leverast innan 2. mai 2027

Søknaden og e-posten blir merkt: 2026/2948 Kunst i Saften

Sendast på e-post til: postmottak@sogndal.kommune.no

For spørsmål, ta kontakt med leder av kunstutvalet Andreas Scheen Bennin på e-post andreasbennin@gmail.com

​​Medlemmer i kunstutvalet

  • Andreas Scheen Bennin, leder av kunstutvalet
  • Eline Orheim, representant Sogndal kommune sitt kunstråd
  • Helle Rabbås, respresentant for Kuntbygda Balestrand
  • Marit Silje Årnes Husabø, brukarrepresentant Sogndal kommune
  • Frode Ølmheim, representant Sogndal kommune byggdrift
  • Håvard Ese Eliassen, kultursjef Sogndal kommune 

Tidlegare relevante nyheiter

Fann du det du var på jakt etter?