Tilhøva rundt og i Bjørnehiet SFO

  • Å vera venleg og høfleg mot barn og vaksne.
  • Å ikkje banna, bruka krenkande ord og utrykk til andre.
  • Å gjera sitt beste for at Bjørnehiet SFO skal vera ein trygg og god stad å vera.
  • Å sei i frå til ein vaksne på  når ein reiser heim.

Samarbeid med andre

  • Å invitera andre inn i leiken.
  • Å stoppa leiken når andre ikkje tykkjer det er greitt lenger.
  • Å ta omsyn til andre i leik og spel
  • Å vera god rollemodell for andre
  • Å leikeslåss er ikkje lov på Bjørnehiet SFO
  • Å leike med ting som til dømes pinne som kan skade andre er ikkje lov.

Konsekvensar ved regelbrot

  • Samtale med ein vaksen
  • Bjørnehiet SFO tek kontakt med føresette.
  • Du kan takast ut i frå gruppa eller området der du ikkje følg reglane.
  • Elev / føresette kan bli gjort økonomisk ansvarleg for inntil 6000 kr dersom medelevar, personale eller skulen sin eigedom med overlegg vert skada eller øydelagt.

Godkjent i samarbeidsutvalet 09.02.2021


Siri Randen
SFO leiar
Leikanger barneskule