Leikanger barneskule

Om oss

Leikanger barneskule ligg vakkert til ved utløpet av Henjadalen. 
Naturen kring skulen er ein ressurs me prøver å nytta så godt som råd er på alle dei sju årsstega og i Bjørnehiet, skulefritidsordninga vår. Ved skulen ligg også kunstgrasbane, grasbane og friidrettsanlegg.

Leikanger barneskule er praksisskule for Høgskulen på Vestlandet, HVL.
I periodar tek skulen i mot praksisstudentar frå lærarutdanninga og barnehagelærarutdanninga i Sogndal. Studentane blir knytte opp mot faste klassar på barneskulen.

Skulen har om lag 203 elevar og 38 tilsette.

Vekeplanar vert sendt ut i Visma appen.

Skulen sine opningstider

Dag

1.-3. steg

4. steg

5.-7. steg

Måndag kl.

08:50-13:30

08:50-13:30

08:50-14:30

Tysdag kl.

08:50-13:30

08:50-14:30

08:50-14:30

Onsdag kl.

08:50-12:45

08:50-12:45

08:50-12:45

Torsdag kl.

08:50-13:30

08:50-14:30

08:50-14:30

Fredag kl.

08:50-13:30

08:50-13:30

08:50-13:30

Ivar

Husum

Rektor

Tenesteleiar

576 52 611
mob: 952 44 678

Send e-post

Anita

Mæland

Avdelingsleiar

576 52 612

Send e-post

Siri

Randen

SFO leiar

576 52 614 
mob: 918 24 102

Send e-post

Rita

Steig

Konsultent miljørettleiar SFO

576 52 613

Send e-post

Helsesjukepleiar

Helsesjukepleiar Ane Sletten er tilstades på Leikanger barneskule måndagar, onsdagar og torsdagar frå kl. 08.30-14.00.

Studiepermisjon i veke 36, 39, 47 og 49.

Tlf: 48 09 67 62

Helsesjukepleiar svarar på SMS i arbeidstida mellom kl. 08.00 og 15.30.

Dersom de ikkje får svar i løpet av 1-2 dagar, ber me dykk kontakta oss på tlf. 57 65 27 70 (mellom klokka 08-10) eller senda oss melding via helsenorge.no Lenke til et annet nettsted.

   Det blir seksvekersplanlegging desse datoane.

  • 2. oktober
  • 20. november
  • 8. januar
  • 19. februar
  • 16. april
  • 21. mai

Elevane har fri, men SFO er ope, og Siri kjem til å sende ut påmelding for desse dagane. Dei som har SFO-plass – har same tilbod som elles denne dagen.

Dei som ikkje har SFO får tilbod kl 08.50 - 13.30.

Skulereglar Leikanger barneskule 2025-.pdf pdf, 139 kB.

Skulereglar LBS 2026 kjem.

Skulemiljø

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Skulane skal planleggjast, byggjast, tilretteleggjast og drivast slik at det blir teke omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane.

Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa deira behov. Skulen skal innreiast slik at det vert teke omsyn til dei elevane ved skulen som har funksjonshemmingar.

Skulen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhøyre. Det er nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande omsyn i skolen sitt arbeid.

Forskrift om skulereglar, Sogndal kommune, Vestland - Lovdata Lenke til et annet nettsted.

Forskrift til ordensreglar for Leikanger barneskule

Utfyllande informasjon om elevane sitt skulemiljø finns i kapittel 12 i Opplæringslova. Lenke til et annet nettsted.

Handlingsplan ved mobbing

Skulemiljøplan

Skulemiljøtiltak

 §12-4 Klage på psykososialt skulemiljø

Opplæringslova har eit eige kapittel om brukarmedverknad i skulen. 
Om du vil lese heile kapittel 10 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata) Lenke til et annet nettsted.

Samarbeidsutval (SU)

SU dette skuleåret:

  • Representantar frå FAU:​ 
  • Representantar frå Elevrådet:
  • Representantar frå undervisingspersonalet: ​​
  • Representant frå øvrige tilsette: 
  • Representant frå kommunestyret:
  • Ev. ekstra representantar i skulemiljøutvalet:

Felles referat frå SU og SMU møte:

Referat SU 5. mai 2025.pdf pdf, 317 kB.

Ved kvar grunnskule skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skulen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet. Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

 

Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)

FAU dette skuleåret:

Leiar:

Nestleiar: 

Skrivar:

Kasserar:

Medlemer:

Foreldreråd:

På kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer. Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skulemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skulen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet. 

Arbeidsutvalet:

Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane. Foreldregruppa i kvar klasse vel ein klassekontakt og ein vara for denne. Desse to er tillitsvalde foreldre i klassen og har som oppgåve å vere felles kontaktledd mellom foreldre og lærar/ skule. FAU møtes fleire gonger i løpet av skuleåret for å jobbe med saker som omhandlar samarbeidet mellom heim/ skule og andre saker som kan betre situasjonen for borna våre. FAU vel eit styre. Frå dette styret møter leiar og nestleiar i samarbeidsutvalet (SU). Arbeidsoppgåvene for FAU vert i hovudsak å arrangere aktivitetar i klassane, samt den praktiske gjennomføringa av jule- og sommarfesten.

Biletegalleri

Her finn du oss

Kontaktinformasjon skule:

Tlf: 57 65 26 10

E-post: leikanger.barneskule@sogndal.kommune.no

Holevegen 15-18 6863 Leikanger

All dagleg kommunikasjon mellom skule og heim skal gå via appen Visma Flyt Foresatt

SFO

Opningstid SFO kl. 07:30 - 16:30

Via informasjonsknappen under finn du:

  • Søknad om og endring av plass/oppseiing
  • Vedtekter
  • Prisar
  • Opphaldstid og feriar
  • Redusert foreldrebetaling, opphaldstid og feriar
Fann du det du var på jakt etter?