
Leikanger ungdomsskule
Skulen ved fjorden
Leikanger ungdomsskule er ein 8.-10 skule som ligg fint til med Sognefjorden og Leikanger kyrkje som næraste nabo. Elevane tek seg gjerne ein dukkert i fjorden sommar som vinter.
Skulen har 83 elevar fordelt på seks kontaktlærargrupper.
Meir informasjon om skulen
Målet med arbeidet i skulen er å få kompetente menneske for framtida. Her arbeider lærarar, elevar, foreldre og andre tilsette saman. Samarbeid med lokalsamfunnet - arbeidsplassar, lag og organisasjonar og ressurspersonar vert vektlagt.
Skulen sin visjon kan samlast i desse orda:
IDENTITET - SAMARBEID - KREATIVITET – HANDLING
I tillegg til den kommunale satsinga på BTI – Betre tverrfagleg innsats -har skulen vurdering, tilpassa opplæring og inkluderande praksis som satsingsområde.
Leikanger ungdomsskule er praksisskule og har tett samarbeid med HVL.
Skulen har i løpet av mange år opparbeida seg gode samarbeidspartar med ei rekke lokale verksemder og organisasjonar. På denne måten hentar skulen inn ekspertkompetanse i undervisninga, eller ein har avtalar der elevane får høve til å besøke/hospitere hjå ulike verksemder.
Informasjonsbrosjyre om skulen:
Brosjyre 2025-26.pdf pdf, 442 kB.
Brosjyre om oss på andre språk:
Opningstider
Dag | Tidspunkt |
|---|---|
Måndag | 09:00-14:30 |
Tysdag | 08:30-14:30 |
Onsdag | 08:30-14:30 |
Torsdag | 08:30-14:30 |
Fredag | 09:00-14:30 |
Administrasjon
Namn | Tittel | E-post |
|---|---|---|
Åse Margrete Julusmoen | Rektor | |
Linda Grøtt | Undervisningsinspektør | |
Janne Marita Bergheim | I permisjon. Undervisningsinspektør. |
Rådgjevar og sosiallærar
Namn | Tittel | Kontakt |
|---|---|---|
Christian Kleiven | Rådgjevar | Tlf: 48 02 76 25 |
Linda Grøtt | Sosiallærar og ITO-koordinator. | Tlf: 57 62 97 61 |
Rådgjevar sine oppgåver:
- arbeider med yrkesrettleiing og tiltak knytt til overgang til vidaregåande skule
- har koordineringsansvar i høve til faget utdanningsval og gjennomføring av entreprenørskapsplanen
- er skulen sin kontaktperson og den som følgjer opp planar og evaluering av partnarskapsavtalar med arbeidsplassar
- har individuelle samtalar med elevane om utdanningsval og yrkesval
- har koordineringsansvar for kontakt til skular og næringsliv
- organiserer den praktiske yrkesorienteringa
- deler inn i grupper i valfag og framandspråk/alternativ til framandspråk i samarbeid med rektor
- organiserer hospiteringa på vidaregåande skule
- orienterer om og hjelper elevane med å søkja vidaregåande skule
Nyttige lenkjer om utdanning og yrke:
Vidaregåande opplæring - vilbli.no Lenke til et annet nettsted.
Forside | Utdanning.no Lenke til et annet nettsted.
Sosiallærar sine oppgåver:
- arbeider med sosialpedagogiske tiltak
- kan hjelpa elevar til å finna løysingar på sosiale og personlege vanskar i skulesituasjonen
- kan hjelpa til med å løysa konflikter i skulemiljøet
- er kontaktperson og deltek på møte i høve til barnevern, PPT, NAV, og BUP
- tek del i det tverretatlege samarbeidet i kommunen (TET)
- organiserer leksehjelpordninga – både den frivillige og ordninga for dei med spesielle behov
- samarbeider med barnetrinnet om overgangen til ungdomstrinnet
- har eige foreldremøte i 8. klasse der skulemiljø er tema. Der presenterer ein samarbeidspartar som psykisk helseteam, skulehelseteneste, mobbeombod, PPT, barnevern og politi.
Individuelt tilrettelagt opplæring - koordinatoroppgåver:
- har hovudansvar for og samordnar tiltak knytt til individuelt tilrettelagt tilrettelegging (ITO)
- formidlar kontakt til andre hjelpeinstansar for elevar med ITO
- samarbeider med barnetrinnet om overgangen ungdomstrinnet for elevar med vedtak om ITO
- samarbeider med vidaregåande skule om einskildelevar
- har ansvar for søknad til vidaregåande skule for elevar som treng ekstra tilrettelegging bl.a. utfylling av vedleggsskjema – generell oppfølging har rådgjevar
Helsesjukepleiar
Helsesjukepleiar
Helsesjukepleiar Ada Ringen er til stades på Leikanger ungdomsskule måndagar og onsdagar skuleåret 2026-27.
Link til nasjonal fagleg retningslinje for skulehelsetenesta 0-20 år: https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/helsestasjons-og-skolehelsetjenesten/skolehelsetjenesten-520-ar Lenke til et annet nettsted.
Telefon: 900 39 248 / 57 65 27 74
E-post: ada.ringen@sogndal.kommune.no
Sentralbord helsestasjon: 57 65 27 70
Fagplanar
Fagplanar 25/26
Med atterhald om endringar. Mindre endringar kjem på vekeplanane etterkvart.
Kunst og handverk pdf, 372 kB.
VALFAG
Fysisk aktivitet og helse pdf, 274 kB.
Skulemiljø
Skulemiljø
Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.
§12-4 Klage på psykososialt skulemiljø pdf, 94 kB.
Forskrift til ordensreglar for Leikanger ungdomsskule pdf, 168 kB.
Forskrift om skulereglar, Sogndal kommune, Vestland - Lovdata Lenke til et annet nettsted.
Handlingsplan ved mobbing pdf, 273 kB.
Skulane skal planleggjast, byggjast, tilretteleggjast og drivast slik at det blir teke omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane.
Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa deira behov. Skulen skal innreiast slik at det vert teke omsyn til dei elevane ved skulen som har funksjonshemmingar.
Skulen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhøyre. Det er nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.
Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande omsyn i skolen sitt arbeid.
Bildegalleri:

Her finn du oss:
Kontaktinformasjon til skulen:
Telefon: 57 62 97 60 / Mobil: 46 84 49 25
E-post: leikanger.ungdomsskule@sogndal.kommune.no
All dagleg kommunikasjon mellom skule og heim skal gå via appen Visma Flyt foresatt.
Rektor/tenesteleiar:
Åse Julusmoen
Mobil: 90 60 61 54
E-post: Ase.Margrete.Julusmoen@sogndal.kommune.no
Leikanger ungdomsskule
Korea 6
6863 Leikanger
