Fysioterapi

Fysioterapitenesta er ein del av kommunen sitt helsetilbod på førebyggjande helsearbeid og ved behandling av sjukdom eller skade. Det er direkte tilgang til fysioterapi, noko som inneber at du sjølv kan avtale time hjå fysioterapeut utan tilvising frå lege.

Undersøking

Fysioterapeuten har god kompetanse på kartlegging av funksjon og undersøking av muskel/skjelettsystemet. Terapeuten kartlegg innleiingsvis gjennom samtale, bevegelseanalyse og muskelleddundersøking. Terapeuten vurderar ditt funksjonsnivå og tilpassar saman med deg eit opplegg anten individuelt og/eller i gruppe.

Gruppetrening

Fysioterapitenesta har eit variert og godt gruppetreningstilbod. I behandlingsgruppene må du betale eigenandel dersom du ikkje har frikort.

Om du finn eit tilbod som er aktuelt for deg, kan du ta kontakt med ein av fysioterapeutane for å spørje om plass i gruppa

Oversikt over gruppetreningstilbod

Eigeninnsats

Eigeninnsats i behandlingsperioden aukar sjansen for eit vellykka sluttresultat. Alt du gjer mellom avtalane med fysioterapeut er viktigare enn det du gjer den korte tida du er saman med fysioterapeuten.

Her kan du få tips og råd til kva du kan gjere medan du ventar på time

Ventetid

Fysioterapitenesta må prioritera ut frå diagnose og alvorlegheitsgrad. Barn, nyopererte og større akutte skadar vert prioriterte og kjem til raskt. Skadar og plagar av mindre alvorlegheitsgrad må rekna med noko ventetid. 

Betaling

Fysioterapitenesta består av kommunalt tilsette fysioterapeutar og private fysioterapeutar som har driftsavtale med kommunen. Eigenandel for pasient er lik i heile fysioterapitenesta og er med i frikortordninga.

Barn under 16 år er friteke for betaling. Du kan lese meir om frikortordninga på helsenorge.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?