Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er rehabilitering og førebygging medan brukar bur i eigen heim.

Personalet frå kommunen utførar systematisk kartlegging, og i samarbeid med deg utarbeidast det mål for kva du synst er viktig å meistre i din kvardag.

Å motta kvardagsrehabilitering inneber at, vi vil gjennom trening og tilrettelegging i heimen bidra til at du får auka sjølvstende i ditt daglege liv. Du som deltakar, og vi som støttespelarar, inngår eit gjensidig og forpliktande samarbeid for at du skal kunne nå dine mål.

I praksis vil ergoterapeut og fysioterapeut samarbeide med heimetenesta for å gje deg tett oppfølging og rettleiing i rehabiliteringsperioden. Tilbodet er tidsavgrensa og varar i inntil 8 veker.

Målgruppe for tenesta:
Personar som bur heime, men ikkje lenger har same funksjon som før, samt har vanskar med å meistre daglege gjeremål som t.d. personleg stell, matlaging eller andre aktivitetar.

Priser

Satsen under 2G vert fastsett av Helse- og omsorgsdepartementet. 
Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester Lenke til et annet nettsted.

Prisane er ekskl. mva.

InntektsklasseTimesatsAbonnement pr. mnd.
Inntil 2 G176245
Inntil 3 G1761760
Inntil 4 G2382380
Inntil 5 G3103100
Inntil 6 G3453450
Over 6 G3663660

 

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?